Hopp til innhald

Lichfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lichfield
by
Land  England
Region Staffordshire
Distrikt Lichfield
Areal 14,02 km²
Folketal 33 816
Postnummer WS13 WS14
Retningsnummer 0 1543
Kart
Lichfield
52°41′01″N 1°49′36″W / 52.6835°N 1.82653°W / 52.6835; -1.82653
Wikimedia Commons: Lichfield

Lichfield er ein liten by i Staffordshire som ligg ca. 175 km nordvest for London og 23 km nord om Birmingham.

Byen er kjend for katedralen med tre spir (starta 1195 og ferdig rundt 1330), der Erasmus Darwin hadde eit hus rett ved. Lichfield ligg i eit behageleg landskap med ei lita elv som renn aust mot Trent, låge bakkar mot aust og sør. Byen ligg i distriktet med same namn som har ein folkesetnad (2001) på 93 237, byen aleine 27 900.

Ved Wall, ca. 5 km sør for den noverande byen, låg det ein gong ein romersk-britisk landsby ved namn Letocetum (frå keltisk, ‘grått tre’), og i dette har den første halvdelen av namnet Lichfield oppstått. Det var basert på ei romersk festning ved Watling Street som vart nytta i dei første hundreåra e.Kr. fram til ca. 160-170 då husa ved festninga vart øydelagd i brann i det same tidsrommet då forumet i Wroxeter òg vart øydelagd av brann. Det tyder på eit opprør av dei lokale britane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lichfield