Lida Gustava Heymann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lida Gustava Heymann

Statsborgarskap Sveits, Deutsches Reich, Tyskland
Fødd 15. mars 1868
Hamburg
Død

31. juli 1943 (75 år)
Zürich

Yrke journalist, skribent, fredsaktivist, redaktør
Språk tysk
Medlem av Kvinnenes Verdensforbund for varig fred
Partnar Anita Augspurg
Lida Gustava Heymann på Commons

Lida Gustava Heymann (15. mars 186831. juli 1943) var ein tysk kvinnesaksforkjemper. Saman med livs- og samarbeidspartnaren sin Anita Augspurg var ho blant dei førande representantane for den radikale, borgarlege kvinnerørsla i Tyskland og Europa. Røysterett for kvinner var den viktigaste enkeltsaka. Begge var pasifistar og opponerte mot nasjonalsosialistane. Under maktovertakinga var ho og Augspurg i Sveits på ferie, og vart verande der i eksil livet ut.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Heymann vart fødd 15. mars 1868 i Hamburg som den tredje dottera til den velståande kjøpmannen Gustav Christian Heymann og kona hans Adele, opphaveleg Hennig. Døtrene fekk oppseding og utdanning av guvernanter og huslærarar.[1] Frå 1882 til 1884 gjekk Heymann på ein jenteskule (Töchterschule, på norsk dotterskule) i Hamburg. Etter eit år på pensjonat i Dresden budde ho frå 1885 til 1896 igjen hos foreldra i Hamburg. Ho engasjerte seg sosialpolitisk, blant anna ved å undervise på ein skule for fattige barn og ved å leie ein handarbeidsskule.[1]

Etter at faren døydde i 1896 overtok ho, saman med eit par vennar, forvaltninga av formuen. Under hamnearbeidarstreiken i 1896 forsynte ho familiane til dei streikande arbeidarane med eit gratis måltid om dagen. Ho engasjerte seg også i kvinnerørsla og sat i styret i Allgemeiner Deutscher Frauenverein (ADF). Men ADF gjekk ikkje langt nok for ho, og ho gjekk ut av styret. I ADF traff ho for fyrste gong den seinare livspartnaren sin Anita Augspurg. I 1897 kjøpte Heymann eit hus i Hamburg, der ho innretta eit kvinnesenter med yrkesskule, matservering og juridisk rådgjeving. I 1902 grunnla ho saman med Augspurg Deutscher Verband für Frauenstimmrecht, og sat i styret til 1912. I 1908 melde ho seg inn i Freisinnige Volkspartei saman med Augspurg. Men dei to kvinnene fekk ikkje delta i partiarbeidet på like linje med mennene.[1][2]

I 1914 grunnla Heymann og Augspurg det radikal-pasifistiske Deutscher Frauenstimmrechtsbund. I bladet Bundesmitteilungen ('Nasjonale meldingar') kravde Heymann som redaktør ei snarleg avslutning på fyrste verdskrigen. Ho kom i klammeri med sedskapspolitiet i Hamburg, då ho protesterte mot det ho såg på som ei nedverdigande behandling av prostituerte. Ho ville avskaffe den statlege reguleringa av prostitusjonen, og vart som følgje av dette kalla ei «gal kvinne» (verrücktes Frauenzimmer).[3]

Heymann deltok i april og mai 1915 på ein kvinnefredskongress i Haag. Kongressen kom i stand etter initiativ av den nederlandske kvinnesaksforkjemparen og legen Aletta Jacobs (1854–1929). Heymann deltok ved grunnlegginga av det internasjonale utvalet for ein varig fred, forløparen til Internationalen Frauenliga für Frieden und Freiheit. Under revolusjonen i Tyskland i 1918 og 1919 var Heyman medlem av nasjonalrådet i Volksstat Bayern, eit kortvarig namn på dagens Bayern.[4] Under Weimarrepublikken var Heymann nestleiar i Internationalen Frauenliga für Frieden und Freiheit, samstundes som ho redigerte tidsskrifta Die Frau im Staat og Zeitschrift für Frauenstimmrecht. I åra 1929 til 1930 leia ho ein internasjonal konferanse mot opium og rusgift.[1]

I byrjinga av 1933 leia Heymann ein demonstrasjon mot nasjonalsosialismen. Då maktovertakinga vart gjennomført, var Heymann og Augspurg tilfeldigvis i Sveits på ferie. Dei drog deretter til Zürich og vart verande der livet ut. Både Heymann og Augspurg stod i åra som følgde på likvidasjonslista til nasjonalsosialistane. Formuen til Heymann i Tyskland vart beslaglagd. Dei to kvinnene mottok støtte til livsopphald i Sveits, frå blant andre Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom.[1]

I 1941 gav Heymann ut sjølvbiografien Erlebtes - Erschautes: Deutsche Frauen kämpfen für Freiheit, Recht und Frieden 1850-1940 (norsk Opplevd og sett: Tyske kvinner kjempet for frihet, rett og fred 1850–1940), saman med Augspurg.[1]

Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte reknar Heymann og Augspurg å vere blant dei 100 viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra, har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Museum, Stiftung Deutsches Historisches. «Gerade auf LeMO gesehen: LeMO Biografie». www.dhm.de (på tysk). Henta 11. november 2021. 
  2. Museum, Stiftung Deutsches Historisches. «Gerade auf LeMO gesehen: LeMO Biografie». www.dhm.de (på tysk). Arkivert frå originalen 29. november 2021. Henta 30. november 2021. 
  3. «Lida Gustava Heymann». www.fembio.org (på tysk). Henta 12. november 2021. 
  4. «Volksstaat Bayern – Historisches Lexikon Bayerns». www.historisches-lexikon-bayerns.de. Henta 12. november 2021. 
  5. «100 Köpfe der Demokratie». demokratie-geschichte.de. Henta 23. juli 2021.