Lidaveten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lidaveten, sett frå Ose i Ørsta sentrum

Lidaveten er eit fjell (592 moh) i Volda kommuneSunnmøre. Fjellet ligg ytst på Berkneshalvøya mellom Voldsfjorden og Ørstafjorden. Lenger inne på Berkneshalvøya ligg Helgehornet (623 m).

Riksveg 653 Eiksundsambandet tar av frå E39 i Furene, går gjennom Morkaåstunellen og Helgehorntunellen, og går deretter i lia oppom Sørheim ved Ørstafjorden til vegen går inn i Eiksundtunnelen. Eiksundtunellen går under heile Lidaveten og vidare under Vartdalsfjorden til Eika der vegen held fram til EiksundHareidlandet.

Kommunegrensa mellom Volda og Ørsta går nokså langt oppe i nordaustsida av fjellet.

Lidaveten er eit fint turmål, då det er lett tilgjengeleg, og byr på flott utsikt. Lidaveten er enklast tilgjengeleg frå kommunevegen som går frå Berkvika til Eidheim. Ein følgjer først ein skogsveg, og deretter ein tydeleg sti.

På toppen er det ein stor varde.