Liebster Immanuel, Herzog der Frommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liebster Immanuel, Herzog der Frommen
BWV 123
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring6. januar 1725
Publiseringsdato1878
Typisk lengd19:21
Satsar/akter6

Liebster Immanuel, Herzog der Frommen, BWV 123, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for trettande dag jul.

Teksten er henta frå Ahasverus Fritsch (første og siste sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Liebster Immanuel, Herzog der Frommen» frå 1698. Salmen har ukjend komponist. Melodien dukka først opp i melodien til ein salme frå Darmstadt.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Liebster Immanuel, Herzog der Frommen», Koral
  2. «Die Himmelssüßigkeit, der Auserwählten Lust», Resitativ for alt
  3. «Auch die harte Kreuzesreise», Arie for tenor
  4. «Kein Höllenfeind kann mich verschlingen», Resitativ for bass
  5. «Laß, o Welt, mich aus Verachtung», Arie for bass
  6. «Drum fahrt nur immer hin, ihr Eitelkeiten», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]