Lied Bluff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lied Bluff
klippe
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 68°31′S 78°16′E
Administrert under Antarktistraktaten

Lied Bluff
68°31′0″ S 78°16′0″ E
Lied Bluff is located in Antarktis
Lied Bluff (Antarktis)

Lied Bluff er ein klipperik ås 3 km nord for Club Lake nord i sentrale delar av Breidneset i Vestfold Hills. Åsen er 125 meter over havet og sørsida er nesten loddrett. Han vart kartlagt av norske kartografar frå flyfoto tekne under Thorshavn-ekspedisjonane (1936–37), men først vitja under ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) av eit sledelag leia av B.H. Stinear i 1958. Han vart namngjeven av Antarctic Names Committee of Australia (ANCA) etter Nils Lied, som var vêrobservatør på Davis-stasjonen i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lied Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).