Liertunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lieråsen tunnel. Opninga ved Lier stoppestad

Liertunnelen, eller Lieråsen tunnel, er ein tunnel for den dobbeltspora jarnbanelina mellom Oslo og Drammen, Drammenbanen. Tunnelen går mellom Asker stasjon i Asker kommune og Lier haldeplass i Lier kommune, og er 10 723 m lang. Tunnelen vart drive frå 1963 med gjennomslag i 1971, og opna for trafikk i 1973. Han var Noregs lengste jarnbanetunnel fram til Romeriksporten vart opna i 1999.

Tunnelen var bygd for å korte inn Drammensbanen og byggje om strekninga til dobbeltspor. Den tidlegare lina var einspora og gjekk i ei stor slynge om Spikkestad i Røyken kommune og Lierbyen i Lier kommune. Etter at Lieråsen tunnel vart opna, vart parsellen mellom Asker stasjon og Spikkestad reservert for lokaltrafikk. Toglina mellom Spikkestad og Drammen vart nedlagt, og er no opparbeidd som sykkelsti mellom Reistad og Spikkestad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]