Hopp til innhald

Liese Prokop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liese Prokop

StatsborgarskapAusterrike
Fødd27. mars 1941
Wien
Død

31. desember 2006 (65 år)
Sankt Pölten

Yrkepolitikar, friidrettsutøvar, femkjemper, minister
Språktysk
Politisk partiÖsterreichische Volkspartei[*]
Religionkatolisisme[*]
Liese Prokop på Commons

Liese Prokop (27. mars 1941–31. desember 2006), fødd Liese Sykora, var ein austerriksk konservativ politikar og friidrettsutøvar. Frå 2004 til ho døydde var ho innanriksminister i Austerrike. I unge år vann ho EM-gull og OL-sølv i mangekamp. Idrettsleiaren Gunnar Prokop var ektemaken hennar frå 1965.

Prokop vart nummer to i femkampen under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968, med ein margin på sju poeng til bronsevinnaren, Annamária Tóth frå Ungarn. Olympiameisteren Ingrid Becker frå Vest-Tyskland var i ei klasse for seg sjølv. I 1969-sesongen sette Prokop verdsrekord med 5 352 poeng og var favoritt til EM i friidrett 1969 i Aten. Ho innfridde og vann ein soleklar siger framom sveitsiske Meta Antenen, 5030 poeng mot 4793.

Prokop slutta som aktiv idrettsutøvar og vart i november 1969, berre to månader etter ho vann EM-gull, vald inn i det austerrikske parlamentet som representant for forbundslandet Niederösterreich for det konservative partiet Österreichische Volkspartei. Ho var minister i forbundslandsregjeringa frå 1981, med ansvar for sports- og familiepolitikk. Frå 1992 var ho viseguvernør i forbundslandet.

Etter at Ernst Strasser overraskande gjekk av som innanriksminister i Austerrike, vart Liese Prokop den 22. desember 2004 utnemnd til ny innanriksminister. Ho førte ein streng såkalla «lov og orden»-politikk, og vart kritisert for si haldning til rasisme og for menneskerettsbrot i hennar eige ansvarsområde, som til dømes då fire polititenestemenn mishandla gambiaren «Bakary J.». Asyl- og innvandringslovgjevinga vart skjerpa den tida ho var innanriksministar.

Prokop var mor til handballspelaren Karin Prokop, syster til friidrettsutøvaren Maria Sykora og tante til alpinisten Thomas Sykora.