Life in a Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Life in a Day
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 1. april 1979
Innspelt Desember 1978 til januar 1979
Studio Rolling Stones Mobile, Abbey Road og Townhouse
Sjanger
Lengd 43:10
Selskap Zoom
Produsent John Leckie
Simple Minds-kronologi
Life in a Day Real to Real Cacophony
(1979)


Singlar frå Life in a Day
  1. «Life in a Day»
    Utgjeve: 20. april 1979
  2. «Chelsea Girl»
    Utgjeve: 29. juni 1979

Life in a Day er debutalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1979 på Zoom.

Det nådde 30. plassen på UK Albums Chart. Tittelsporet og «Chelsea Girl» kom ut på singlar.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Life in a Day låg seks veker inne på den britiske albumlista og nådde 30. plassen der.[1] Tittelsporet kom ut 12. mai som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på den britiske singellista, der han låg inne i to veker.[1] Den neste singelen, «Chelsea Girl», gjekk ikkje inn på lista i det heile. Det var ei hyllest til Nico- og Andy Warhol-filmen Chelsea Girls, og var ein populær konsertsong for bandet.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Martin C. Strong7/10[4]
NMEpositiv[5]
Smash Hits8/10[6]

Andy Kellman i AllMusic rangerte dette Simple Minds-albumet lågast av dei fem første utgjevingane deira, og skreiv at dei etterlikna Magazine og Roxy Music. Han rangerte «Someone» som det beste sporet på plata.[7] NME-skribenten Tony Stewart roste tekstane og arrangementet, men meinte albumet var openbert inspirert av 70-talsmusikk. Han rangerte «Murder Story» som det beste sporet på albumet. Sjølv om han skreiv at albumet var overprodusert og undergrov stilen til bandet, vurderte han albumet som bra.[5]

I eit intervju i 2012 angra frontmannen i bandet, Jim Kerr, at produksjonen på albumet hadde ført til at songane på albumet mangla «gneisten» som var ein del av konsertframføringane deira, og skildra kjenslene hans om albumet som «bittersøtt».[8] Han hugsa at dei på den tida «køyrde opp til Skottland, og nokon gav meg ein kassett med Unknown Pleasures av Joy Division... og eg tenkte at me hadde fullstendig mislukkast».[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Jim Kerr; all_musikk er komponert av Charles Burchill og Jim Kerr.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Someone»3:42
2.«Life in a Day»4:05
3.«Sad Affair»2:45
4.«All for You»2:51
5.«Pleasantly Disturbed»7:59
Side B
Nr.TittelLengd
6.«No Cure»3:34
7.«Chelsea Girl»4:34
8.«Wasteland»3:45
9.«Destiny»3:38
10.«Murder Story»6:17
Total lengd:43:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Simple Minds. OfficialCharts.com. Henta den 6. september 2020.
  2. Thompson, Deve. «Chelsea Girl » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020.
  3. Kellman, Andy. Life in a DayAllmusic. Henta 6. september 2020.
  4. The Essential Rock Discography – Volume 1: 970. 2006.  Missing or empty |title= (hjelp)
  5. 5,0 5,1 Stewart, Tony (21. april 1979). «Secondhand Simplicity (Life in a Day)». NME. IPC Media. Henta 9. januar 2013. 
  6. Starr, Red (17–31. mai 1979). «Albums». Smash Hits: 25. 
  7. Kellman, Andy. «Life in a Day » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020.
  8. Hogwood, Ben (2012). «Interview: Simple Minds». Music OMH. Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 6. september 2020. 
  9. Stubbs, David (21. februar 2012). «A Glittering Prize – Jim Kerr Of Simple Minds Interviewed». A Quietus Interview. Quietus. Henta 6. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]