Life in the Fast Lane
Life in the Fast Lane Singel av Eagles frå albumet Hotel California | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. mai 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | hardrock, funkrock | |
Lengd | 4:46 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley | |
Tekstforfattar | Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley | |
Låtskrivar(ar) | Joe Walsh, Glenn Frey, Don Henley | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Hotel California» (1976) |
Life in the Fast Lane | «Please Come Home for Christmas» (1978)
|
«Life in the Fast Lane» er ein song skriven av Joe Walsh, Glenn Frey og Don Henley og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles i 1976 på studioalbumet Hotel California. Det var den tredje singelen som kom frå dette albumet og denne nådde 11. plassen på Billboard Hot 100.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Han fortel soga om eit par som har eit utsvevande liv på kanten. I eit intervju fortalte Glenn Frey at tittelen kom til han ein dag han køyrde på motorvegen med ein dopdealer som kalla seg «The Count». Frey bad dealeren om å køyre saktare og svaret hans var «What do you mean? It's life in the fast lane!» I det same intervjuet sa Frey at det sentrale riffet i songen vart spelt av Walsh medan bandet varma opp på øvingar og at Walsh vart beden om å «hald på det, det er ein song».
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Don Henley: solovokal, trommer
- Glenn Frey: Clavinet, korvokal
- Joe Walsh: sologitar
- Don Felder: rytmegitar, sologitar
- Randy Meisner: bassgitar, korvokal
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Garth Brooks i 2013 på albumet Classic Rock.
- Eagles-gitaristen Joe Walsh har spelt songen på soloturneane sine.
- Jill Johnson spelte songen i 2007 på albumet Music Row.[1]
- Songen «Livin' It Up» på Limp Bizkit-albumet Chocolate Starfish and the Hot Dog Flavored Water samplar linja life in the fast lane gjennom heile songen. Frey, Henley og Walsh er gjeve «lyrics by» i omslaget til plata.
- Countrygruppa Williams Riley gav ut sin versjon av songen på radio den 23. august 2010.
Tittelen på songen var inspirasjon for «Life on the Fast Lane», ein episode i den første sesongen av animasjonsserien i The Simpsons.
Rascal Flatts og Carrie Underwood song songeni lag i 2007 under Grammyprisutdelinga det året.
Songen er nytta i filmen FM i 1978. I filmen Fast Times at Ridgemont High spelar eit band songen under eksamensfesten. Songen er mogeleg å laste ned i videospelet Guitar Hero World Tour.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Life in the Fast Lane» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Svensk mediedatabas». Henta 17. oktober 2015.