Lifetime Friend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lifetime Friend
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve 1986
Innspelt 1985-1986, London i England
Sjanger Rhythm and blues, soul, rock'n'roll
Selskap Warner Bros.
Produsent Stuart Coleman
Little Richard-kronologi
God's Beautiful City
(1979)
Lifetime Friend Shake It All About
(1992)


Lifetime Friend er eit studioalbum av Little Richard frå 1986. Det var det første albumet hans på sju år etter gospelalbumet God's Beautiful City i 1979. Utanom eit par innspelingar i 1981, hadde ikkje Richard vore i studio i denne perioden, og i staden arbeidd som prest. Etter utgjevinga av sjølvbiografien hans, The Quasar of Rock and Roll i 1984, kom Richard igjen i søkelyset og byrja å bli respektert for bidraga sine til popmusikken som ein av grunnleggjarane av rock and roll.

Før Richard spelte inn Lifetime Friend, døydde mora Leva Mae. Richard hadde lova henne at han ville halde seg til kristendomen, så for dette albumet valte han spele inn rock and roll-songane med gospeltekstar, ein stil han kalla «message music» eller «messages in rhythm» (meldingar i rytme).[1] Ein song, «I Found My Way», inneheld ei blanding av rap og rock and roll.[1] Albumet vart hovudsakleg spelt inn i England, og kom ut på WEA i Europa og Warner Bros. Records i USA

Songen «Great Gosh A Mighty» var skriven av Richard og Billy Preston, og vart ein liten hit i USA etter han var med på filmmusikken til Down and Out in Beverly Hills.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Great Gosh A'Mighty»  Billy Preston, Richard Penniman 4:48
2. «Operator»  Jesse Boyce 4:52
3. «Somebody's Comin'»  John David 3:40
4. «Lifetime Friend»  Jesse Boyce, Travis Wammack 3:38
5. «Destruction»  Jesse Boyce, Travis Wammack 3:45
6. «I Found My Way»  V.L. Brooks 3:40
7. «The World Can't Do Me»  Jesse Boyce, Richard Penniman 3:48
8. «One Ray of Sunshine»  Darrell Smith, Travis Wammack 4:42
9. «Someone Cares»  Richard Penniman 4:30
10. «Big House Reunion»  Travis Wammack 4:05

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 White 2003, s. 273.