Lifjorden i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lihesten ved Lifjorden. Gygrekjeften ligg midt i bilete

Lifjorden er ein liten fjordarm på nordsida av Sognefjorden i Hyllestad kommune. Han har ei lengd på 6 km frå nordvest til søraust.

Innløpet til fjorden ligg på sørsida heilt vest i fjorden. Her ligg Risnesøya midt i innløpet med dei to smale sunda Risnesstraumen på nordsida og Listraumen på austsida. Her ligg òg grenda Risnes. Fleire bruk ligg nordvest i fjorden. Desse er Hovland, Lundeland, Lekva og Øyjorda. Inst i fjorden ligg gardane Nybø, Indrefjorden og Sjøvollen.

Fjellet Lihesten sett frå Indrefjorden i Lifjorden. Risnesnipa (777moh) til venstre, Gygrekjeften (710 moh) til høgre i biletet. Austre del av Lifjorden i framgrunnen. 16. juni 1936 flaug post- og passasjerflyet "Havørn" i fjellveggen nokre titals meter under toppen av Risnesnipa. Dette var den første flyulukka i sivil norsk luftfart. Alle ombord omkom, til saman 7 personar.

Lihesten ligg på nordvestsida av fjorden og stig forholdsvis bratt opp til ei høgd på 777 meter over havet ved Risnesnipa og til 714 meter over havet ved Gygrekjeften. På sørvestsida av fjorden ligg Sågneskollen på 516 meter over havet.