Leddband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ligament)
Leddband

Diagram over det høgre kneet.

Typisk ledd.
Medisinsk namnLigamentum
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD008022

Leddband eller ligament (frå latin ligamentum) er eit fiberaktig vev ein finn rundt ledd, og som har til oppgåve å forsterka leddet som samanbinding mellom to ulike bein. Utan leddband ville ledda lett gått ut av stilling. Leddband har stor strekkstyrke, men er likevel forholdsvis elastiske.

To ulike typar leddband[endre | endre wikiteksten]

Forsterkingsband[endre | endre wikiteksten]

Forsterkningsbanda har som oppgåve å stabilisera leddkapselen.

Føringsband[endre | endre wikiteksten]

Føringsband har som oppgåve å styra rørsla i leddet. Eit døme er kollateralligamentene som er på kvar side av hengselledd, og er til for å hindra siderørsler.

Skadar og smerte[endre | endre wikiteksten]

Inni leddbanda finst det ofte mange nervar, og desse spelar ei viktig rolle for at ein skal oppfatta stillingar og rørsler i ledda. På den andre sida fører dette, i kombinasjon med lågt stoffskifte og liten blodtilførsel, til at leddbanda er smerteømfintlege og lækjer seg dårleg ved skade. Dersom ein overstrekk eit leddband kan det veikjast for alltid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]