Ligatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ligatur av ch i ei bok.
Ligaturar av fi og fl.

Ligatur er eit typografisk omgrep for to eller fleire glyffar som er kopla saman, og framstår som éin glyff. Dette kan ha ulike årsaker, men ei vanleg årsak er at ein del av den fyrste glyffen vil overlappa det same området i den andre glyffen. Det norske teiknet æ er ein ligatur av a og e.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Latinske ligaturar[endre | endre wikiteksten]

Ligaturar blei mykje brukt i romerske innskrifter og manuskript, hovudsakleg for syns skuld, men også for å spara tid og plass. To romerske ligaturar er blitt så vanlege at dei i dag er rekna som eigne teikn. «&» er ei samanskriving av «et», latin for 'og'», og har denne tydinga på alle språk. «@» er ei samanskriving av «ad», latin for 'til'.

Ein har nytta ligaturar i trykking sidan dei første bøkene blei trykte på 1400-talet. I boktrykk er i utgangspunktet kvar bokstav på toppen av kvar sin vesle blykloss – ein type. For å unngå at avstanden mellom bokstavane i enkelte bokstavkombinasjonar blei unaturleg stor, blei desse bokstavpara støypt på éin type – ein ligatur. Mange ligaturar hadde f eller ſ som første bokstav.

Arabisk[endre | endre wikiteksten]

I arabisk skrift er ligaturar svært vanlege, og standard skrivemåte for ei rekkje bokstavkombinasjonar. Den vanlegaste kan vera «لا», 'la', som i seg sjølv tyder «nei», men som også finst i fleire andre ord. Ligaturen vert brukt kvar gong denne bokstavkombinasjonen opptrer i eit ord. Den hyppige bruken av ligaturar gjer at arabisk kan vera vanskeleg å læra seg å lesa og skriva. Det er ikkje nok å læra kvar enkelt bokstav, ein må også kjenna ligaturane.

Indisk skrift[endre | endre wikiteksten]

Ligatur av sanskrit ddhrya (द् + ध् + र् + य = द्ध्र्य)

Indiske alfabet bruker ofte ligaturar i konsonantklynger. Skikken er noko avhengig av kva språk ein bruker, ligaturar er til dømes meir vanlege i sanskrit enn i hindi, som begge bruker devanagari.

Sjå og Konsonantligaturar i devanagari.

Problem med datatypografi[endre | endre wikiteksten]

Fram til dei siste åra har det vore få program som har hatt innebygd og lett tilgjengeleg støtte for å handsama ligaturar. Dette har ført til at kvaliteten på skriftstykke som har vore produserte med dataprogram som til dømes Microsoft Word, har vore lågare enn tilsvarande gjort av profesjonelle typografar, anten manuelt eller med spesiell programvare.

Bruken av andre skriftsystem i datasamanheng har ført til at dette måtte endrast, i og med at mange skriftsystem, som til dømes arabisk og devanagari, krev at einskildteikna skal henga saman og variera etter kontekst.

Apple har eit system som heiter Apple Advanced Typography, og gjev brukaren avansert kontroll over ligaturar og andre typografiske teknikkar. Det frie datatypografisystemet TeX og utvidinga av dette, LaTeX, tilbyr automatisk ligaturhandsaming og -kontroll, og med progammet LyX er dette like lett å bruka som meir utbreidde program som Microsoft Word eller WordPerfect.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

Ikkje ligatur Ligatur Unikode
Et & U+0026
ss ß U+00DF
AE, ae Æ, æ U+00E6, U+00C6
OE, oe Œ, œ U+0152, U+0153
Ng, ng Ŋ, ŋ U+014A, U+014B
fŋ ʩ U+02A9
ue U+1D6B
ff U+FB00
fi U+FB01
fl U+FB02
ffi U+FB03
ffl U+FB04
ſt U+FB05
st U+FB06
IJ, ij ij U+0132, U+0133

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ligatur