Lihesten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lihesten
fjell
Lifjellet lite.jpg
Lihesten sett frå aust
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Hyllestad (Sogn og Fjordane)
Høgd 777 moh.
Primærfaktor 674 m
Lettast tilkomst Lundelandstien frå Lekva

Lihesten er eit fjell i Hyllestad kommune på 777 moh. som og vert kalla Lifjellet.

Fjellet stig bratt opp frå fjorden og grensar til Lifjorden, Losneosen, Storakersundet, Åfjorden og Hyllestadfjorden. Høgaste punktet er Risnesnipa, 777 moh., heilt til venstre på biletet. Det mest populære turmålet er Gygrekjeften, som ligg omtrent 714 moh., toppen midt på biletet. Ytst på Gygrekjeften ligg «tanna», ein steinformasjon som heng utfor kanten av fjellet.

Fjellet består av devonske avsetningsbergbergartar, m.a. kvarts, gneis og granitt og ulike skiferslag, kitta saman til hard og knudrete konglomerat som er særs motstandsdyktig mot nedbryting og forvitring. Med klårt markert skilje kviler konglomeratet på underlag av sandstein frå kambro-silurisk tid.

Lihesten var også åstad for Havørnulukka; den til då største flyulukka i Europa i 1936, då postflyet frå Bergen råka i fjellet under Risnesnipa og alle sju om bord omkom.

I 90-åra gjekk det eit ras frå fjellet og ned i Åfjorden, raset tok med seg ein del sjøbuer. Etter dette vart det innført byggeforbod i strandsona mot fjellet.

«Lihest-klyvet», er eit populært turopplegg som Hyllestad Idrettslag arrangerer kvart år i byrjinga av juni månad. «Gygreskvetten» er ein lokal styrkedrykk som vert servert oppe på fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]