Lihula
Utsjånad
Lihula | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Lääne maakond | ||
Areal | 4,19 km² | ||
Folketal | 1 250 (1. januar 2024)[1] | ||
![]() Lihula 58°41′16″N 23°50′03″E / 58.687777777778°N 23.834166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lihula |
Lihula (tysk Leal) er ein by og ein kommune i Lääne maakond i Estland med om lag 1 300 innbyggjarar.
Lihula-borga vart først nemnd i 1211. Han var sete for bispedømet Saare-Lääne (Ösel-Wiek). Den 8. august 1220 vart ein svensk arme slått i eit slag her av estlendingane.
Ei kort stund stod det eit monument i Lihula til ære for dei estiske soldatane som kjempa i lag med tyskarane mot Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Statsminister Juhan Parts gav ordre om å fjerne monumentet og sidan juni 2007 har det stått på Okkupasjonsmuseumet i Tallinn.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0282U; vitjingsdato: 1. september 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Lihula» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.