Liinakhamari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°38′N 31°15′E

Liinakhamari
Вид с сопки. 2010 г. - panoramio.jpg

Linhammar
69°38′29″ N 31°20′35″ E
Wikimedia Commons: Liinakhamari

Liinakhamari (russisk Лиинахамари, finsk Liinahamari, svensk Linhammar) er ein tettstad på vestsida av PetsjengafjordenKolahalvøya i det nordlege Russland. Frå 1920 til 1940 tilhøyrde området Finland, og Liinahamari var då den einaste isfrie hamna i Finland.

Hamna i Liinakhamari, juni 2010
Minnesmerke frå tida då 15. kystforsvarsbrigaden hadde hovudkvarter i Liinakhamari

17. august 1940 vart kronprinsesse Märtha av Noreg og dei tre borna til kronprinsparet evakuert herfrå til New York med det amerikanske troppetransportskipet USS «American Legion».[1][2]

2. juli 2008 oppdaga russiske grensevakter eit ukjent våpenlager like utanfor Liinakhamari, som òg var ukjent for den russiske etterretningsorganisasjonen FSB.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]