Lik på segl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1. Overlik eller rålik. 2. Forlik, ytterlik, mastelik eller ståande lik. 3. Underlik. 4. Akterlik

Eit lik er eit tau sydd fast til kantane på eit segl, ein presenning eller eit flagg. Dette vert gjort for å styrke materialet.

Eit skværsegl har rålik i overkant, underlik nedanfor og ståande lik eller ytterlik på sidene. Eit sneisegl har ståande lik i forkant, underlik og akterlik.

Kanten på eit storsegl som vert halde inne til masta vert kalla mastelik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«lik - sjøvesen» (30. desember 2019) i Store norske leksikon, snl.no.