Likbrenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Likbål ved elva Bagamati i Nepal.
Foto: Gregor Younger
Brenning av ein lekam i ein kremasjonsomn.

Likbrenning, kremering eller kremasjon er ein skikk som går ut på at kroppen til den avlidne vert brent opp — anten på bål eller i ein kremasjonsomn. Likbrenning har vore nytta i mange ulike kulturar kringom i verda i meir enn 20 000 år. Men ikkje før på midten av 1800-talet byrja ein å byggje særskilde omnar for å kremere dei avlidne i.I dag er likbrenning særleg vanleg blant hinduar og sikhar, der brenning på bål framleis er skikken, men likbrenning er òg vanleg blant kristne og humanetikarar, der brenninga går føre seg i krematorium. Innanfor jødisk og muslimsk tradisjon unngår ein derimot kremering.

Vanlegvis, til dømes i Europa, er likbrenning (kremering) eit alternativ til å jordfeste den avlidne ubrent i ei kiste som vert grave ned i jorda på ei kyrkjegard eller ein gravlund, altså eit område innretta til føremålet. Likeeins vert òg leivningane etter dei kremerte, den såkalla oska, som vert plassert i ei urne på krematoriet, i dei fleste høve grave ned i jorda på ein offentleg gravplass. Men i mange land er det òg reglar som gjev høve til å strø oska ut i sjø eller hav, eller over land på stader der dette ikkje er til ulempe eller verker støytande for andre, eller urna med oska kan setjast andre plassar til minne om den avlidne. Såleis er urnene med oske etter komponisten Edvard Grieg og hans hustru plassert i eit rom i ein bergskrent på eigedomen Troldhaugen som dei hadde på Hop i Bergen, no museum.

I Noreg vart retten til kremasjon fremma av såkalla kremasjons- eller likbrendingsforeninger frå slutten av 1800-talet, med Bergens Likbrendingsforening i brodden. Denne foreininga hadde arbeidd for saka frå 1893. Arkitekt Schak Bull var den fyrste leiaren av denne foreininga, og det vesle som finst av arkivmateriell etter foreininga vart funne mellom dei arkivsakene har etterlet seg, og som er teke vare på av Bergen Byarkiv.

Ei Lov om Ligbrænding vart vedteke 11. juni 1898, men dei fyrste åra måtte lika sendast til Göteborg i Sverige for å verte kremerte. Det fyrste krematoret i Noreg vart teke i bruk på Møllendal i Bergen i 1907, teikna av arkitekt Schak Bull, som òg teikna fleire andre viktige bygg i Bergen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]