Likestillings- og diskrimineringsombodet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Likestillings- og diskrimineringsombudet
LDO Logo Undertekst CMYK.gif
TypeOmbod
Skipa1. januar 2006[1]
HovudkontorMariboes gate 13, Oslo
OmbudHanne Bjurstrøm
Tilsette56 (2016)[2]
EigarskapBLD

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit norsk offentleg ombod som vart skipa 1. januar 2006. Ombodet overtok etter dei tre statsetatane Likestillingsombodet, Likestillingssenteret og Senter mot etnisk diskriminering, og har sitt historiske opphav i det Likestillingsrådet som vart skipa i 1972 etter initiativ frå Norsk Kvinnesaksforening.

Likestillings- og diskrimineringsombodet er administrativt underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, men står fagleg fritt og ubunde. Ombodet skal arbeide for å fremme likestilling og få slutt på diskriminering som har grunnlag i kjønn, etnisitet, hudfarge, nasjonalt opphav, avstamming, nedsett funksjonsevne, språk, religion, seksuell orientering, medlemskap i fagforeining, politisk syn og alder. Dei som meiner at dei har vore diskriminert av slik årsaker, kan take kontakt og få gratis råd om rettane og pliktene sine, og om det kan vere grunn til å gå vidare med saka. Det er òg mogeleg å leggje saka fram for Likestillings- og diskrimineringsombodet som ei formell klagesak, og førehavinga vert då gratis og er enklare og snøggare enn å reise sak for domstolane. Båe partar i saka skal ha høve til å seie si meining før ombodet eventuelt kjem med si uttale i saka.

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal bidra til at likestillinga i samfunnet som heilskap vert auka ved mellom anna å:

  • avdekkje og gjere merksam på tilhøve som motverkar likestilling og lik førehaving
  • bidra til endringar i haldningar og åtferd ved å gjere folk medvitne om likestilling
  • gje informasjon, støtte og rettleiing i arbeidet for å fremme likestilling og motarbeide diskriminering
  • gje råd og rettleiing til arbeidsgjevarar i offentlig og privat sektor om etnisk mangfald i arbeidslivet
  • formidle kunnskap og utvikle dokumentasjon om likestilling og overvake omfanget av diskriminering og korleis diskrimineringa arter seg
  • fungere som ein møteplass og eit informasjonssenter som legg til rette for samarbeid mellom aktuelle aktørar

Ombodet gjev òg råd og rettleiing til dei som ynskjer å arbeide aktivt for likestilling og mot diskriminering i sine eigne organisasjonar.

Lover som vert administrerte (handheva) av Likestillings- og diskrimineringsombodet[endre | endre wikiteksten]

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal sjå til at norsk rett og forvaltningspraksis er i samsvar med dei pliktane Noreg har etter FNs kvinnekonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon. Dessutan uttalar ombodet seg i klager om brot på nasjonale lover og føresegner som høyrer inn under verkeområdet til ombodet, og gjev råd og rettleiing om dette regelverket. Oppgåver og organisering er fastsett i lova med det lange namnet Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven).

Både Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal føre tilsyn med at følgjande lover vert gjennomførte, og dessutan medverke til at dei vert gjennomførte:

  • Lov om likestilling mellom kjønnene (likestillingsloven), dersom det ikkje framgår noko anna av føresegner i denne lova.
  • Lov om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion og livssyn (diskrimineringsloven om etnisitet), dersom det ikkje framgår noko anna av føresegner i denne lova.
  • Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), dersom det ikkje framgår noko anna av føresegner i denne lova.
  • Lov om forbud mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (diskrimineringsloven om seksuell orientering), dersom det ikkje framgår noko anna av føresegner i denne lova.
  • Arbeidsmiljøloven kapittel 13, med unnatak av § 13-1 tredje lekken og § 13-9.
  • Eierseksjonsloven § 3 a med forbod mot diskriminerande vedtekter.
  • Husleieloven § 1-8 med forbod mot diskriminering ved utleige av husrom.
  • Burettslagslova § 1-5 med forbod mot diskriminerande vedtekter i burettslag.
  • Lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidsloven) kapittel 10, med unnatak av §§ 10-1 tredje lekken og 10-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • LDOs endringshistorie
  • Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase