Likstammen

Koordinatar: 58°58′00″N 17°12′00″E / 58.96667°N 17.20000°E / 58.96667; 17.20000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Likstammen er ein innsjø sentralt i Södermanland i Sverige, som ligg på grensa mellom dei to historiske herada Rönö og Daga. Innsjøen har eit overflateareal på er 11 km², og han ligg 25 meter over havet. Innsjøen er 27 meter på det djupaste, og utløpet går via Svärtaån til Austersjøen.

Ifølgje Svenska Jägareförbundet har innsjøen namnet sitt etter tre like store «fliker», eller vik, som renn ut frå innsjøen sin midte. Den nordlege fliken består i røynda av to fliker, såg ein kan seie at innsjøen eigenleg har fire fliker.

I nærleiken av innsjøen, ved Malmasjön, ved Östermalma, ligg Stockholms universitet sin feltstasjon Tovetorp. Öster Malma slott ligg ca. ein kilometer vest for innsjøen sin sørvestlege flik. I dette området ligg òg Malma kulle. I innsjøen sin nordlege flik stikk Utnäset, der ein, på det smalaste punktet på neset finn ein ei bygdeborg. Den sørvestlege fliken av innsjøen strekkjer seg mot Lästringe.

Likstammen er fordelt mellom fire historiske sokn: Lästringe sokn, Ludgo sokn, Björnlunda sokn og Frustuna sokn. Ludgo og Lästringe ligg i Rönö herad, medan Björnlunda og Frustuna ligg i Daga herad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

58°58′00″N 17°12′00″E / 58.96667°N 17.20000°E / 58.96667; 17.20000