Likviditet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Likviditet (betalingsevne) er eit økonomisk uttrykk for evna til å kunna betala løpande utgifter som rekningar, løn, utviklingskostnader, skatt m.m. God likviditet tyder at ein har høve til å dekka forventa og uføresette utgifter. Likviditet kjem av uttrykket marknadslikviditet. Når det berre vert referert til likviditetsgraden, er det grad 1 som er den mest brukte av dei fire. Veikskapen med nøkkeltala er at bindingstida og omløpsfarten for dei ulike eigedels- og gjeldspostane som ikkje vert reflekterte. Det er lett å visa at eit føretak kan ha låg likviditetsgrad, men god likviditet. Vi kan difor ikkje seia noko generelt om ønskeleg nivå på likviditetsgradbrøken. Røynsle viser likevel at for mange konkursføretak er dette eit av dei nøkkeltala som forverrar seg i tida før konkurs. Ved rekneskapsanalyse vert det som regel fire nytta måtar å rekne ut likviditetsgraden på;

Likviditetsgrad 1: Likviditetsgrad 1 fortel noko om tilhøvet mellom omløpsmiddel og kortsiktig gjeld. Med andre ord målar ein evna føretaket har til å dekka betalingsforpliktingane sine etter kvart som desse forfell. Formelen for Likviditetsgrad 1 er Omløpsmiddel/Kortsiktig gjeld. Likviditetsgrad 1 bør vera større enn 2. Omløpsmiddel inkluderer Varelager, fordringar, investeringar og kontantbeholdning.

Likviditetsgrad 2: Likviditetsgrad 2 mæler, som likviditetsgrad 1 tilhøvet mellom omløpsmiddel og kortsiktig gjeld. Skilnaden her er at varelageret, som vert rekna som dei minst likvide omløpsmidla, er trekt frå. Formelen for Likviditetsgrad 2 er (Omløpsmiddel-Varelager)/Kortsiktig gjeld.

Likviditetsgrad 3: Likviditetsgrad 3 fortel noko om tilhøvet mellom dei mest likvide midla og kortsiktig gjeld. Dei mest likvide omløpsmidla er bankinnskot, kontantar og liknande. Formelen for Likviditetsgrad 3 er (Kassebeholdning+Bankinnskudd)/Kortsiktig gjeld. Likviditetsgrad 3 bør vera større ein 33 %.

Likviditetsgrad 4: Likviditetsgrad 4 mæler kontantgraden. Likviditetsgrad 4 er Kontantbehaldning/Kortsiktig gjeld.

Arbeidskapital er eit nærskyldt økonomisk nøkkeltal som vert brukt for å vurdera den likviditetsmessige stillinga til eit føretak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]