Lilija Nurutdinova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lilija Nurutdinova
Fødd 15. desember 1963
Naberezjnyje Tsjelny
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

Lilija Foatovna Nurutdinova (fødd 15. desember 1963) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny som tevla for Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på 800 meter i 1991, og tok OL-sølv 1992 og EM-bronse 1990 på same distansen. I 1993 vart ho dømd for dopingbruk og la opp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Med tida 1.57,25, oppnådd i Kiev 7. juli 1990, stega Nurutdinova inn i verdseliten på 800 meter. Ho kneip bronsemedaljen på distansen då europameisterskapen 1990 vart arrangert i Split i dåverande Jugoslavia, men var sjanselaus i å fylgje dei utøvarane frå Aust-Tyskland, Sigrun Wodars og Christine Wachtel.

Året etter lukkast Nurutdinova snappe gullmedaljen på spesialdistansen under VM 1991 i Tokyo, eit løp der det skilte 0,13 sekund mellom Nurutdinova på fyrsteplass og Maria Mutola på fjerdeplass, Ana Fidelia Quirot vann sølvet og Ella Kovacs tok bronsen.

Under Sommar-OL i Barcelona sprang Nurutdinova sitt livs snøggaste 800 meter og fekk tida 1.55,99, noko som gav henne sølvmedaljen etter som også nederlandske Ellen van Langen sette personleg rekord og vann på 1.55,54.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Under verdmeisteskapen 1993 i Stuttgart testa Nurutdinova positivt på det anabole steroidet stanozolol. Ho vart utestengd frå friidretten i fire år og la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]