Lilija Podkopajeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilija Podkopajeva


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 15. august 1978 (45 år)
Donetsk
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's floor

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, Det ukrainske ministerråds ærespris, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, Ærestegnet fra Ukrainas president, Den ukrainske presidents utmerkelse for tapperhet, fortjenstfull mester i Sport i Ukraina

Lilija Oleksandrivna Podkopajeva (fødd 15. august 1978) er ein ukrainsk tidlegare turnar frå Donetsk som sigra i mangekampen under Turn-VM 1995, Turn-EM 1996 og Sommar-OL 1996. Ho vart halden for å vere ein «komplett turnar», sterk både teknisk og artistisk, like flink i alle fire øvingane. To moment er kalla opp etter henne: Podkopajeva-hoppet, og i frittståande: dobbel forlengs salto med halv skru i siste saltoen.

Podkopajeva vann frittståande i Turn-EM 1994. Året etter sikra ho seg to gullmedaljar i verdsmeisterskapen, i høvesvis mangekamp og hopp. Også under Sommar-OL 1996 i Atlanta tok ho to gullmedaljar, då i mangekamp og frittståande. Før ho kom så langt, vart ho europameister 1996 i mangekamp, frittsåande og skranke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]