Lille-Raipas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 69°56′19″N 23°21′37″E Lille-Raipas (nordsamisk: Unna Ráipásaš) er eit fjell i Alta kommune i Vest-Finnmark i Troms og Finnmark fylke, 5 km søraust for Alta sentrum. Fjellet er 286 meter høgt og utgjer eit av punkta på Struvemeridianen, som i 2005 vart teke med på UNESCO si verdsarvliste.[1]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Raipaskomplekset.

Berggrunnen høyrer til Raipasgruppen som består av ein tjukk lagpakke med grønstein og over dette ein tjukk lagpakke av kvartsitt. Grupp finst i eit grunnfjellsvindauge mellom Alta og Kvænangen og høyrer til Finnmarksvidda sitt grunnfjellsområde. Tilsvarande grønstein og kvartsitt finst òg i Aust-Finnmark sitt grunnfjellsområde og alderen er 2 milliardar år.[2]

I fjellet har ein funne Europa sine eldste fossil av 1800 millionar år gamle stromatolittar.

Raipas gruve ligg på fjellet Lille-Raipas. Førekomsten vart truleg funnen i 1685. Alten Copper Works dreiv gruvedrift frå 1836 til 1869 og var ved sidan av Gammelgruva i Kåfjord den viktigaste for koparverket i Kåfjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]