Lille OSC
Heimebane | Stade Pierre-Mauroy |
---|---|
Hovudtrenar | Paulo Fonseca |
Liga | Ligue 1 |
![]() |
Lille Olympique Sporting Club er ein fotballklubb heimehøyrande i byen Lille i Frankrike. Klubben vart stifta 23. september 1944.
Lille vann den franske seriemeisterskapen i 1946, 1954, 2011 og 2021. Perioden 1946-55 triumferte laget fem gongar i den franske cupmeisterskapen (Coupe de France). I 2011 sikra Lille seg den sjette cuppokalen, etter siger 1–0 over Paris Saint-Germain med ei sein skåring av innbytaren Ludovic Obraniak.
Sidan 2012 spelar Lille heimekampane på Stade Pierre-Mauroy, ein arena med plass til vel 50 000 tilskodar. Laget spelar i raude trøyer og elles mørkeblått.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Seriemeister: 1946, 1954, 2011 og 2021
- Cupmeister: 1946, 1947, 1948, 1953, 1955 og 2011
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lille OSC» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2021.