Lille Presteskjær fyrstasjon
Fyret mellom 1895 og 1910. Foto: Marthinius Skøien / Nasjonalbiblioteket | |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Sokndal | ||
Funksjon | Innseglingsfyr | ||
Oppretta | 1895 | ||
Koordinatar | 58°19.3800′N 6°15.4594′E / 58.3230000°N 6.2576567°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 20,8 | ||
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Tre lysglimt kvart 12. sekund | ||
Lyshøgd | 23,5 moh. | ||
Lysvidde | 11,2 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1973 | ||
Avfolka | 1973 | ||
Lille Presteskjær fyrstasjon 58°19′23″N 6°15′28″E / 58.32305556°N 6.25777778°E | |||
Lille Presteskjær fyrstasjon er eit innseglingsfyr ved innseglinga til Rekefjord i Sokndal kommune i Dalane i Rogaland fylke. Fyret vart automatisert og avfolka i 1973.
Fyrstasjonen vart oppretta i 1895 og forutan sjølve fyrtårnet høyrer det eit naust og eit uthus til stasjonen. Fyrtårnet er eit støypejarnstårn. Gjennom 60 år gjekk arbeidet som fyrvaktar på Lille Presteskjær i arv frå far til son gjennom tre generasjonar, familien heitte Gjertsen. Fyrvaktarfamilien budde i sjølve tårnet, nedst var det kjøken, i etasjen over var det stove og over det igjen var det soverom. I etasjen like under fyrlykta, i det minste rommet, budde reserveassistenten.
I 1973 vart sjølve fyrlykta fjerna frå tårnet og erstatta med ei lanterne. Grunnen var at aktiviteten i steinbrotet like ved laga så mykje støv, risting og steinsprut at det vart for mykje ekstraarbeid med vindaugsvasking og ruteskifting.
Staten eig fyrstasjonen og han er ikkje freda. Det vert no drive catering- og hotelldrift på fyrstasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Red. Bjørn Arild Ersland: En kjede av fyr – Randaberg kommune, Kulturavdelingen 2004.
- Norsk fyrhistorisk forrening si nettside om Lille Presteskjær fyrstasjon.