Lillebjørn Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillebjørn Nilsen

Fødd21. desember 1950
FødestadOslo
Død27. januar 2024 (73 år)
DødsstadOslo
FødenamnBjørn Falk Nilsen
AliasLillebjørn Nilsen
OpphavNoreg
Aktiv1967–2024
SjangerViser, folk-rock, folkemusikk
InstrumentGitar, sang, ukulele, banjo, hardingfele, fiolin, mandolin, munnspel, seljefløyte, munnharpe
PlateselskapGrappa
Verka somsongar-låtskrivar, plateartist
Gift medTorhild Ostad, Kari Svendsen, Shari Gerber Nilsen, Mairead Imlach
BornSiri Nilsen, Sara Nilsen
PrisarSpellemannprisen i visesang, Kardemommestipendiet, Oslo bys kulturpris, Tekstforfatterfondets ærespris, Solprisen, Spellemannprisen i visesang, Prøysenprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Bjørn «Lillebjørn» Falk Nilsen (21. desember 195027. januar 2024) var ein norsk songar, låtskrivar og folkemusikar. Han vart ofte omtalt som «visekongen» i Noreg. Gjennom opptredenar, plateutgjevingar, visebøker og gitarbøker, var Lillebjørn Nilsen kanskje han som meir enn nokon annan artist fronta den norske visebølgja.

Gjennom ein mannsalder har Lillebjørn Nilsen skapt songar som har vorte allemannseige: «Far har fortalt», «Tanta til Beate», «Se alltid lyst på livet», «Stilleste gutt på sovesal 1» og «Alexander Kiellands plass», for å nemna nokre få. Nilsen har turnert i Skandinavia, Frankrike, Sveits, Belgia, Tyskland, Kina og USA, og har motteke fem Spellemannprisar, anten som soloartist eller som medlem av gruppene Ballade og Gitarkameratene.[1] I 2022 vart han slått til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lillebjørn Nilsen var fødd i Oslo. Frå 1966 spelte han i duoen The Young Norwegians, som til å byrja med bestod av han sjølv og Bjørn Morisse. Sidan Bjørn Morisse var den høgaste av dei to, fekk han kallenamnet Store-Bjørn, medan Bjørn Nilsen vart kalla Lille-Bjørn. Dette kallenamnet har vorte hengjande ved han sidan. I 1967 byrja Lillebjørn Nilsen på musikklinja ved Hartvig Nissens Skule i Oslo. Her traff han Steinar Ofsdal som vart med i The Young Norwegians. Dei gav ut nokre singlar på Troll Records, etterfølgt av albuma Things on our mind og Music. The Young Norwegians vart oppløyst i 1968.

Lillebjørn Nilsen spelte saman med Sigrid Huun hovudrollene i Victor Borg og Øyvind Vennerøds kinofilm Himmel og helvete (1969), som handlar om ungdomar som rusar seg og utforskar verknadene av cannabis og LSD.

Sist på 1970-talet deltok Lillebjørn Nilsen i gruppa Ballade!, beståande av han sjølv, Lars Klevstrand, Åse Kleveland og Birgitte Grimstad. Han turnerte òg ofte med Steinar Ofsdal. Slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet vart ei kunstnarisk blomstringstid for Nilsen, som i denne tida «fann tonen» overfor det store publikummet som soloartist, og i særleg grad som Oslos eiga stemme og trubadur. Samarbeidet med Hot Club de Norvège og Jon Larsen starta i 1982 med «Tanta til Beate».

Lillebjørn Nilsen danna i 1988 gruppa Gitarkameratene saman med venene og kollegene Jan Eggum, Halvdan Sivertsen og Øystein Sunde. Dette samarbeidet gjorde nytte av og framheva det samla, store og klassiske viserepertoaret og dei virtuose gitar- og vokalferdigheitene til dei fire medlemmene. Samarbeidet tok slutt i 1994 etter to suksessfulle plateutgjevingar og omfattande turnear. Dei tok uventa opp att samarbeidet i 2010 med utselde konsertar i dei store byane. Som forfattar av Lillebjørns Gitarbok, som sidan 1973 er kome i eit samla opplag på meir enn 200 000 eksemplar – det høgaste opplaget for noka musikkpedagogisk lærebok eller visebok i Noreg nokonsinne – har Lillebjørn Nilsen gjeve eit eineståande bidrag til utbreiinga av gitarmusikkunsten og visekunsten i Noreg.[3]

I 2000 låg Lillebjørn Nilsen an til å motta Oslo bys kulturpris, men ei hending på den lukka presse- og politikerbaren Tostrupkjelleren sette ein stoppar for dette. Under ein oppheita politisk diskusjon tømde Lillebjørn Nilsen resten av ølglaset sitt over debattmotstandaren sin Vidar Kleppe, på den tida enno medlem av Frp. Til trass for den herskande «gentlemen's agreement» om at heftige diskusjonar på Tostrupkjelleren ikkje skulle ut i det offentlege, hamna saka likevel på førstesidene. Frp sørgde deretter for at kulturprisen til kommunen ikkje gjekk til Lillebjørn Nilsen det året.[4]

I 2005 mottok Lillebjørn Nilsen endeleg Oslo bys kulturpris for 2004, bl.a. med grunngjevinga: «Lillebjørn Nilsen er den visekunstneren som mer enn noen andre har bidratt til Oslos kultur og dens selvforståelse, identitet og stolthet som storby, i den grad at enkelte uttrykk fra hans tekster har gått inn som alminnelige uttrykk i vårt språk.»[5][6] Etter Nære Nilsen (1993) har Lillebjørn Nilsen ikkje ytra seg i form av nye songar, med unntak av fleire bidrag på hyllestalbum til både Vidar Sandbeck (både åleine og saman med Gitarkameratane) og Erik Bye (her song han «Anna Lovinda»).

I 20 år på rad – frå 1998 til og med 2017 – hadde han kvart år ein sommarkonsert på Rockefeller i Oslo (midt i juli).[7]

Lillebjørn Nilsen deltok på Minnemarkeringa i Oslo 22. juli 2012 som var ein konsert for eittårsmarkeringa for terrorangrepa i Noreg 2011. Han framførte «God Natt Oslo» og «Barn av regnbuen».

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Detalj frå Aamodt bru over Akerselva i Oslo. Inskripsjonen vert nemnt i Nilsens song «Far har fortalt».[8]

Lillebjørn Nilsen var «instrumentalisten som begynte å synge. Og lette etter tekster og melodier. Det jeg ikke fant ble jeg nødt til å skrive selv. Så jeg ble sangskriver også.»[9] Han skriv mykje om storbylivet i Oslo, og om det spennande nettverket av menneske og minne denne byen har.[9] Naturen og miljøet har òg motteke hylling i mange av Lillebjørn Nilsens tekstar, og norsk folkemusikk og folkeleg visetradisjon er eit djupt rotfest utgangspunkt for heile visekunsten hans.

Inspirasjonskjelder for diktinga til Lillebjørns Nilsen finn ein elles i den amerikanske singer/songwriter-tradisjonen; Bob Dylan og Pete Seeger er artistar som har inspirert han. Nilsen og Seeger song saman på Tønder visefestival i 1990. Seinare bad Seeger Nilsen om å korrekturlesa sjølvbiografien sin, og dessutan koma med kritiske merknader. Lillebjørn har sagt han er stolt over å kunna kalla Seeger sin ven. Rudolf Nilsen har òg påverka Lillebjørn Nilsen. Begge var opptekne av Oslo, arbeidarrørsla og «grasrota» i folket. Songen «Gategutt» er eit dikt av Rudolf Nilsen dikt som Lillebjørn Nilsen har skrive melodi til. Som kresen og samstundes folkeleg tekstforfattar, ein visuell erindringskunstner og med ein uvanleg melodisk og harmonisk teft, skapte Nilsen ikoniske Oslo-songar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Lillebjørn Nilsen.

Eigne studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1969: 31 viser Gyldendal
  • 1971: Flere viser Gyldendal ISBN 82-05-00341-6
  • 1973: Lillebjørns GITARBOK Gyldendal
  • 1973: 16 sanger av Rudolf Nilsen Gyldendal ISBN 82-05-06225-0
  • 1974: Trubadur til fots Gyldendal ISBN 82-05-06442-3
  • 1977: Haba haba! (barneviser, med egne tegninger) Gyldendal 1977
  • 1986: Tekst og musikk: LILLEBJØRN NILSEN Gyldendal ISBN 82-05-16983-7
  • 1995: Lillebjørns GITARBOK Ad Notam Gyldendal (utvidet)
  • 2004: Tekst og musikk: LILLEBJØRN NILSEN Gyldendal Akademisk ISBN 82-05-32849-8

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Spellemannprisen 1973 i klassen visesang for Portrett
  • 1974: Det Nyes Sølvmikrofon
  • 1981: Spellemannprisen 1980 i klassen visesang for Ekstranummer (som medlem av Ballade!)
  • 1982: Gammleng-prisen i klassen vise
  • 1983: Spellemannprisen 1982 i klassen visesang for Original Nilsen
  • 1983: Prøysenprisen
  • 1984: Oslo Bys Kunstnerpris
  • 1987: Solprisen Rjukan
  • 1987: Fritt Ords Honnør
  • 1988: Kardemommestipendiet
  • 1990: Æresgitarist Av Sarpsborg by
  • 1991: Årets Spellemann under Spellemannprisen 1990 (som medlem av Gitarkameratene)
  • 1991: Spellemanprisen 1990 i klassen visesang for Typisk norsk (som medlem av Gitarkameratene)
  • 1992: Tekstforfatterfondets Ærespris
  • 1995: Folkemusikprisen i Danmark
  • 2004: Oslo bys kulturpris
  • 2007: Æresprisen «Bypatrioten» – Oslo Byes Vel 2007
  • 2010: Gammleng-prisen – veteranprisen
  • 2013: Rockheim Hall of Fame
  • 2014: Lovisaprisen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Spellemann - Arkiv over alle nominerte og vinnere fram til i dag! (på norsk bokmål), 2. september 2019, henta 29. desember 2022 
  2. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», www.kongehuset.no (på norsk), henta 29. desember 2022 
  3. Aune, Oddvin (25. desember 2022), «Slik ble Lillebjørn Nilsen hele Norges gitarlærer», NRK (på norsk bokmål), henta 29. desember 2022 
  4. Hætta, Kenneth (27. mai 2000). «Tapte 100 000 på en pils». Dagbladet. Henta 17. oktober 2010. 
  5. «Oslo bys kulturpris 2004 til Lillebjørn Nilsen». Oslo kommune. 21. april 2005. Henta 17. oktober 2010. 
  6. Moen, Kjetil (21. april 2005), «Oslo bys kulturpris til Lillebjørn Nilsen • ballade.no», ballade.no (på norsk bokmål), henta 29. desember 2022 
  7. «Bysommer LILLEBJØRN NILSEN og Seresta» (på norsk bokmål). Rockefeller. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. Henta 14. januar 2023. 
  8. Tekst og musikk: Lillebjørn Nilsen side 24 (Gyldendal, 1986)
  9. 9,0 9,1 Tekstheftet på utgivelsen 40 Spor

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]