Lilleby Smelteverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilleby Smelteverk

Lilleby Smelteverk (grunnlagt 1927) var eit smelteverkLilleby i Trondheim. Smelteverket var kjent for å laga verdas reinaste ferro-silisium, og gjorde òg oppdrag for NASA. Smelteverket var ein god støttespelar når det gjeld fjernvarme i Trondheim. Det vart nedlagt 20. desember 2002 og produksjonen flytta til Mo i Rana.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra (1927–1940)[endre | endre wikiteksten]

Lilleby metalls historie starta då professor Harald Christian Pedersen kom på arenaen frå midten av 1920-åra. Det var han som i realiteten la ned grunnsteinen til A/S Ila og Lilleby Smelteverk.

I perioden før 1927 hadde professor Pedersen brukt Lilleby som laboratorium for ei rekkje forsøk. Han hadde blant anna jobba med ein kjemisk prosess som i ettertid har vorte kalla som Pedersen 2-prosessen, som gjaldt smelting av jernmalm der ein fekk ferrosilisium (FeSi) som biprodukt.

I 1927 var han igang med industriell produksjon av ferrosilisium ved anlegget på Lilleby på grunnlag av eksperimenta sine. Lilleby Smelteverk vart dermed offisielt etablert 1.oktober 1927 som eit personleg eigd firma av professor Pedersen. I det første produksjonsåret var det 27 tilsette på Lilleby. Same år kjøpte Pedersen industrilokale i Ila av Handelsbanken, som saman med Lilleby seinare vart A/S Ila og Lilleby Smelteverk (ILS).

Okkupasjonsåra (1940–1945)[endre | endre wikiteksten]

Drifta på Lilleby vart stansa same dag som den tyske okkupasjonsmakta gjekk til åtak på Noreg. Stansen vart endå kortvarig, då dei tyske styresmaktene straks gav ordre om oppstart. Styremedlem Birger Solberg vart utnemnd til å ta seg av interessene til smelteverket, sidan professor Pedersen hadde flykta til Sverige med familien sin. Solberg vart likevel sagt opp frå stillinga si 3.juni 1940 då professor Pedersen returnerte til Noreg. Årsaka til oppseiinga var utvilsamt relatert til han og professor Pedersens ulike syn på okkupasjonsmakta. Den norske aluminiumindustriane var av stor strategisk viktigheit for tyskarane, og i 1941 var begge laboratoria ved Lilleby overteke av Nordag. Dei tilsette på laboratoriet gjorde under krigen fleire sabotasjeforsøk. Det vart i det norske landssvikoppgjøret i fleire vitneforklaringar antydd at professor Pedersen langt på veg hadde samarbeidd med nazistane. Liv Tessem, som arbeidde på laboratoriet under krigen, seier i politiforklaringa si:

«Jeg må villig innrømme at arbeidstempoet ved avdelingen var svært lavt, men det skyldes på ingen måte professor Pedersen. Han har aldri med et ord sagt at vi måtte sabotere forsøkene, eller på annen måte gitt oss slik forståelse. Hans opptreden pekte heller hen til det motsatte.»

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Verket var på dette tidspunktet i elendig stand, både kva gjaldt økonomi og utstyr.  Birger Solberg vart adminstrerande direktør. I denne situasjonen bestemte han at Lilleby skulle samla inn alle dei tyske flyvraka som fanst i Midt-Noreg. På denne måten kunne smelteverket halda drifta gåande òg om vinteren då ein ikkje hadde nok disponibel kraft til FeSi-ovnene.

I tidsrommet 1948–1952 brukte USA 15 milliardar dollar for å byggja opp Europa etter krigsøydeleggingane (les: «Marshall-hjelpa»). Som eit steg i denne prosessen vart Noreg, som mottok 250 millionar i Marshall-hjelp, bede om å tredobla ferrosilisiumproduksjonen sin. Birger Solberg avgjorde å slutta seg til forslaget, noko som førte til ein drastisk vekst i produksjonen i åra som følgde.

Frå Solbergstyret til Fesil[endre | endre wikiteksten]

Lilleby Smelteverk vart i 1970 overteke av Erik Solberg, son av Birger. Drifta var jamt over profitabel frå etterkrigstiden fram til 90-talet. Det var i starten av 1990-talet at smelteverket vart kjøpt opp av Fesil-konsernet. Etter oppkjøpet gjekk drifta stadig dårlegare. Nedlegginga i 2002 kom blant anna som følgje av at dei statlege kraftkontraktane til Lilleby vart overført til Holla Metall, og dessutan store svinginger i salsprisen på FeSi. Mange meinte endå at smelteverket kunne ha profitabel drift om berre dei riktige grepa vart gjort av leiinga.

Nedlegging[endre | endre wikiteksten]

Smelteverket vart nedlagt 20. desember 2002 og produksjonen flytta til Mo i Rana. I 2009 var det kortvarig prøveproduksjon av silisium på Lilleby. Utstyret til smelteverket vart i 2013 eksportert til Paraguay.[1] Der smelteverket står er det planlagt å byggja bustader.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Adresseavisen 27. juni 2013

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Sellæg (1988): A/S Ila og Lilleby Smelteverk 50 år