Lillehammer museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lillehammer museum har mellom anna ansvaret for garden Aulestad i Gausdal, som forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson eigde. Fotografi av Axel Lindahl frå 1890-åra.

Lillehammer museum, Stiftelsen Lillehammer museum, tidlegare museet Maihaugen i Lillehammer, er ein kulturhistorisk vitskapleg institusjon i Lillehammer som har til føremål å samle inn og dokumentere kulturminne av materiell og immateriell art, først og fremst frå tida etter reformasjonen (som vert tidfesta til året 1536, det vil seie kulturminne som er yngre enn frå mellomalderen), og formidle kunnskap om dette. Museet skal drive forsking med basis i samlingane, og spreie kunnskap ved utstillingar, publikasjonar, undervisning og andre typar av informasjon. Museet har nasjonalt ansvar med omsyn til handverk og handverkstradisjonar, og dokumentasjon av samtida. For bygdesamlinga og bysamlinga på Maihaugen er det geografiske ansvarsområdet Lillehammer og Gudbrandsdalen.

Lillehammer museum er samansett av desse einingane:

  • Maihaugen friluftsmuseum med utstillingar av hus og bygningsmiljø frå bygder, byar og våre tiders bustadfelt
  • Postens historiske samlingar
  • Heimane til diktarane Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad i Gausdal og Sigrid Undset på Bjerkebæk på Lillehammer
  • Norges Olympiske Museum i Håkons Hall, ein bygning på Lillehammer som var ishockeyarena under Dei olympiske vinterleikane i 1994
  • SIKA NHU, som arbeider med å halde oppe og styrke handverksfag som vert sett på som små og verneverdige, og skal verne, vidareføre og utvikle handverk som kunnskap, uttrykksform og yrke.
  • Handverksnettverket
  • Sekretariatet for samtidsnettverket til musea
  • Opplandsarkivet, avdeling Maihaugen
  • Forskingsarkiv og bibliotek
  • Gjenstands- og fotosamlingar
  • Utstillingar
  • Kulturhus
  • Serveringsstadar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]