Lillestrøm kommune (1908-1962)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lillestrøm kommune var ein tidlegare kommune i Akershus fylke og omfatta tettstaden Lillestrøm. Kommunen hadde nummeret 232. Kommunen vart oppretta i 1908 ved at han vart skild ut frå gamle Skedsmo kommune saman med Lørenskog kommune. 1. januar 1962 vart Lillestrøm kommune slått saman med Skedsmo kommune.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

  • 1951 8416
  • 1960 10281

Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1908-1910: Overrettssakførar Olaf Christophersen, Høgre
  • 1911-1913: Tømmermann Gustav Jahr, Arbeidarpartiet
  • 1914-1916: Overrettssakførar Hans Severin Arnessen, Arbeidarpartiet
  • 1917-1919: Skolestyrar Knut Monsen Nordanger, Arbeidarpartiet
  • 1920-1923: Skifteformann Otto M. Thoresen, Arbeidarpartiet
  • 1923-1925: Skolestyrar Knut Monsen Nordanger, Arbeidarpartiet
  • 1926-1928: Skifteformann Otto M. Thoresen, Arbeidarpartiet
  • 1929-1931: Skolestyrar Knut Monsen Nordanger, Arbeidarpartiet
  • 1932-1934: Skifteformann Otto M. Thoresen, Arbeidarpartiet
  • 1935-1937: Cellulosearbeidar Olaf Høgden, Arbeidarpartiet
  • 1938-1945: Lærer Magnus Bratlie, Arbeidarpartiet
  • 1940-1945: Lærer Magnus Bratlie, Nasjonal Samling
  • Mai-august 1945: Cellulosearbeidar Olaf Høgden, Arbeidarpartiet
  • 1. august-31. desember 1945: Arbeider Adolf Amundsen, Arbeidarpartiet
  • 1946-1951: Jernbanemann Trygve Amundsen, Arbeidarpartiet
  • 1952-1962: Kontorsjef C. J. Hansen, Arbeidarpartiet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]