Lilletveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lilletvedt i Bergen)
Lilletveit
stad
Birkelandsvatnet sett frå Birkelandsbotn. Lilletveit ligg på andre sida.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5227 NESTTUN
Gardnummer 47
Wikimedia Commons: Lilletveit

Lilletveit eller Lilletvedt er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på sør for Storelva og sørvest for Birkelandsvatnet, mellom Øvsttun og Kirkebirkeland.

Garden høyrte til presteembetet på Birkeland gamle kyrkje på 1300-talet, og kom seinare inn under prestegodset til Fana kyrkje. Brukarane på garden vart eigarar i 1860-åra. Her er framleis gardsdrift.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lilletveit ligg på sørvestsida av Birkelandsvatnet og sør for Storelva. I vest ligg Tranevatnet.

Garden grensar til Øvsttun i nord, Ulsmåg i nordvest, Kirkebirkeland i aust og sør, og Smørås i sørvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]