Lillhärdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°51′1.4364″N 14°4′5.3940″E Lillhärdal er ein tettstad i den sørlege delen av Härjedalens kommun i Jämtlands län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 365 innbyggjarar og eit areal på 1,15 km².

Lillhärdal blir rekna å vere staden der den første herjedalingen, Herjulf Hornbryter, busette seg. Det er gjort arkeologiske utgravingar utanfor byen som ein trur stadfestar dette. Ein statue av Herjulf med kona Helga står midt i Lillhärdal.

Byen er i dag mest kjend på grunn av Jan Guillou-serien Häxornas tid. I Lillhärdal starta nemleg dei svenske hekseprosessane på 1600-talet, då Gjertrud Svensdotter i 1668 skulda Marit Jonsdotter for å vere heks. På Spångmyrholmen, der heksene blei brend, finst i dag eit minnemonument over hendingane. Det er òg eit historisk museum i Lillhärdal som fortel om hekseprosessane. Om sommaren kan ein òg gjere opplevelsesturar kring dei historiske stadane i Lillhärdal.

Kjende personar frå Lillhärdal[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]