Lillian Board
Lillian Board | |
![]() | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 13. desember 1948 Durban |
Død |
26. desember 1970 (22 år) |
Yrke | mellomdistanseløpar |
Språk | engelsk |
Høgd | 168 centimeter |
Lillian Board på Commons |
Lillian Barbara Board (13. desember 1948–26. desember 1970) var ein britisk friidrettsutøvar som tevla på 400 m og 800 m, fødd i Durban i Sør-Afrika. Ho vann to gullmedaljar i EM i friidrett 1969, og ein sølvmedalje på 400 meter under OL 1968.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Board tok sølvmedaljen på 400 meter under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen hausten 1968, bakom gullmedaljøren Colette Besson frå Frankrike. Ho sette då britisk rekord med tida 52,12 sekundar.
I europameisterskapen 1969 i Aten tok ho gull på 800 meter og på 4×400 m stafett med Storbritannia. På den lange stafetten sprang ho siste etappen mot nettopp Frankrikes Colette Besson og slo henne på mållinja. Begge landa fekk notert den nye verdsrekordtida 3.30,8.
Etter å ha delteke på ein 800 m under eit stemne i London i juni 1970 slutta ho å trene, grunna store magesmertar. Om hausten vart det konstatert at ho hadde magekreft, og ho døydde på universitetsklinikken i München jula 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lillian Board» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2014.