Hopp til innhald

Lillian Clausen Mangerøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillian Clausen Mangerøy
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd2. februar 1940
Hjelmås
Død

2016

Yrkeforfattar
Periode1981-
DebutBerre eit menneskebarn

Lillian Odny Clausen Mangerøy (fødd 2. februar 1940Hjelmås, daud 14. desember 2016)[1][2] var ein norsk forfattar. I forfattarskapen sin kombinerte ho eit frilynt kristent livssyn med eit kvinnepolitisk engasjement.[3]

Ho debuterte i 1981 med Berre eit menneskebarn,[4] som ho fekk Melsom-prisen for.[5] Handlinga i romanen er lagt til eit bygdemiljø i Nordhordland, og boka skildrar armod, slit og barnemishandling.[3] Den neste boka, Kvinnehuset, kom i 1982, og er om eit kvinnekollektiv i eit pietistisk landsens miljø. I 1984 kom romanen Elisabeth, som eit frittståande framhald til debutboka. Denne fekk ho Sunnmørsprisen for.[4] Nådetid frå 1987 er forfattarskapens høgdepunkt, og litteraturkritikaren og -historikaren Øystein Rottem kalla han «'ein religiøs danningsroman av betydeleg litterær verdi'».[6] Sidan kom romanane Soga om Lena (1992), Heltane (1994) og Sigerstolen (1995).

Mangerøy var busett i Fyllingsdalen.[4]

  • 1981 Berre eit menneskebarn roman
  • 1982 Kvinnehuset roman
  • 1984 Elisabeth roman
  • 1987 Nådetid roman
  • 1992 Soga om Lena roman
  • 1994 Heltane roman
  • 1995 Sigerstolen roman

Litterære prisar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Lillian Clausen Mangerøy»». forfatterkatalogen.no. Henta 24. mars 2012.
  2. «BISETTELSER OG BEGRAVELSER I BERGEN». Solstrands Begravelsesbyrå. Henta 1. februar 2017.
  3. 1 2 Øystein Rottem (1998). «Kvinneliv i fortid og nåtid : Fødselsdepresjoner, troløse elskere og tungsindige ektemenn». Norges litteraturhistorie: Vår egen tid : 1980-1998. Oslo: Cappelen. s. 662-663. ISBN 82-02-16426-5.
  4. 1 2 3 ««Lillian Clausen Mangerøy»». Nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek. 21. september 2010. Henta 24. mars 2012.
  5. Det Norske Samlaget, red. (1993). «Pris- og stipendvinnarar». Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 40-42.
  6. Øystein Rottem (1998). «Kvinneliv i fortid og nåtid : Fødselsdepresjoner, troløse elskere og tungsindige ektemenn». Norges litteraturhistorie: Vår egen tid : 1980-1998. Oslo: Cappelen. s. 663. ISBN 82-02-16426-5. [«en religiøs dannelsesroman av betydelig litterær verdi»]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]