Lillian Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillian Müller

Fødd19. august 1951 (72 år)
FødestadGrimstad
Verka somskodespelar, modell, playmate, vaksinemotstander
PrisarPlayboy Playmate of the Year, Playboy Playmate of the Month

Lillian Müller (fødd 19. august 1951) er ein norsk modell og skodespelar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Müller voks opp på Fevik, og frå ho var 11 til 15 år budde ho på Soltun barneheim. Som 18-åring deltok ho i Miss Norway. Ho kom på andreplass, og dette gjentok seg òg i Miss International. Ho gjekk i to år på Kvitsund Gymnas i Kviteseid, og på Hornnes Landsgymnas. Ho reiste til London der ho gjekk på London Academy of Modelling. Ho var avbilda som pin-up i fleire britiske aviser, og var side tre-jente i The Sun 30. januar 1974. Ho fekk eit gjennombrot etter at ho vart oppdaga av Suze Randall, som fotograferte henne naken for Playboy. Müller opptredde i magasinet som Playmate Of The Month i august 1975 og vart seinare Playmate Of The Year i 1976. Ho er den mest fotograferte Playboy-modellen gjennom tidene, og har vore på forsida ni gonger, inkludert den norske utgåva i januar 1999.[1]

Ho har medverka i rundt 30 filmar og TV-program og spelte i ein musikkvideo for Van Halen, til songen «Hot for Teacher». Ho spelte òg dama til Rod Stewart i musikkvideoen «Da Ya Think I'm Sexy?» frå 1979, som toppa hitlistene i både Storbritannia og USA. Ho har vore gjest på The Tonight Show, Good Morning America, Inside Edition og på E!.

Ho er engasjert i den alternative helsebransjen[2] og er motstandar av vaksinar og bruk av mikrobølgjeomn.[3]

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Casanova & Co. (1977) .... «Beata»
  • The Night They Took Miss Beautiful (1977) (TV) .... «Lillie Schaefer»
  • Hometown USA (1979) (som Yuliis Ruval) .... «Mrs. Rodney C. Duckworth»
  • Once Upon a Spy (1980) (TV) (som Yuliis Ruval)
  • Miracle on Ice (1981) (TV) .... «Flyvertinne»
  • Death Ray 2000 (1981) (TV) (som Yuliis Ruval) .... «Ilse Lander»
  • The Devil and Max Devlin (1981) .... «Veronica»
  • Tordenveien (King of the Mountain) (1981) .... «Jamie Winter»
  • Best Defense (1984) (som Yuliis Ruval) .... «Fransk sangerinne»
  • Stewardess School (1986) (som Yuliis Ruval) .... «Pen blondine»

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Feel Great, Be Beautiful over 40, Inside Tips on How to Look Better, Be Healthier and Slow the Aging Process, 1995 ISBN 9781881649618
  • Usminket, Historien om Lillian Müller, et norsk barnehjemsbarn, som er blitt et av verdens største sexsymboler, 1998 ISBN 8244502894

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Onlinemagasinet - Her er Lillians Playboy-karriere». Arkivert frå originalen 7. desember 2004. Henta 13. januar 2010. 
  2. Tid for detox Nettavisen
  3. - Når kroppen er ren, trengs ikke medisiner Fædrelandsvennen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lillian Müller