Lilliebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 70°45′S 163°55′E
Lilliebreen
isbre
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 70°45′S 163°55′E
Lengd 160 km
Administrert under Antarktistraktaten

Lilliebreen
70°45′0″ S 163°55′0″ E
Lilliebreen is located in Antarktis
Lilliebreen (Antarktis)

Lilliebreen er ein stor isbre, kring 160 km lang og 16 km brei, mellom Bowers Mountains i vest og Concord og Anare Mountains i aust, som flyt til Ob Bay på kysten og dannar Lillie bretunge. Bretunga vart oppdaga under Terra Nova-ekspedisjonen i 1910-13, og kalla opp etter Dennis G. Lillie, ein biolog på «Terra Nova». Namnet Lillie har sidan vorte nytta om heile breen. Den nedre halvdelen av isbreen vart kartlagt av ANARE (Thala Dan), 1962, som utforska området og nytta flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump, 1946-47. Heile breen vart kartlagt av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-62.

Lillie bretunge er ei markant forlenging av Lilliebreen utover i Ob Bay. Han vart oppdaga under Terra Nova-ekspedisjonen i 1910-13 då «Terra Nova» utforska områda vest for Cape North i februar 1911. Han vart namngjeven av den britiske antarktisekspeidsjonen etter Dennis G. Lillie, ein biolog på «Terra Nova».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lilliebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).