Lilly Bølviken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilly Bølviken

Fødd20. mars 1914
Arendal
Død11. september 2011
NasjonalitetNoreg
Yrkedommar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Lilly Helena Bølviken (20. mars 191411. september 2011) var ein norsk jurist og den første kvinnelege høgsterettsdommaren i Noreg. Ho var aktivt engasjert i kvinnesaka og var 1. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening frå 1960 til 1966.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lilly Henriksen voks opp i Arendal og blei cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1942. Ho arbeidde deretter som sekretær i Statens prisdirektorat 1942–1945. I 1945 blei ho dommarfullmektig i Sør-Hedmark. Same året gifta ho seg med høgsterettsadvokaten Magne Bølviken. I 1946 vende ho attende til Statens prisdirektorat som kontorsjef ved distriktskontoret for Hedmark og Oppland 1946–1952. I 1952 blei ho byrettsdommar i Oslo byrett, som tredje kvinne, og var i fleire år den einaste kvinnelege dommaren i byretten. I kraft av dette var ho ein av dei fremste kvinnelege juristane i Noreg på den tida.

Ho var dommar i Høgsteretten frå 1968 til 1984. Då ho tok sete som høgsterettsdommar i 1968 måtte ein endra måten ein tiltalte Høgsterett på når ein opna forhandlingane i ei sak. Tidlegare ville prosessfullmektigen opna med: «Høyst ærverdige herrer, rikets øverste dommere.» Dette blei endra til den kjønnsnøytrale tiltaleforma ein har i dag: «Høgst ærverdige rett, rikets øverste dommere.»[1]

Lilly Bølviken var aktivt engasjert i kvinnesaka, særleg i 1950- og 1960-åra. I tolv år (1954–1966) var ho medlem av landsstyret i Norsk Kvinnesaksforening, og var den 1. nestleiaren til samskipnaden 1960–1966. Leiaren til foreininga i dei seks åra ho var nestleiar var det seinare likestillingsombodet Eva Kolstad.[2][3]

Ho var formann for Ekteskapslovutvalget som i 1986 la fram forslag til nye lovreglar om inngåing og oppløysing av ekteskap i ekteskapsloven,[4] leiar for tilsynsrådet for Bredtveit fengsel, medlem av kontrollkomiteen for Landsbanken og leiar for Stortingets billighetserstatningsutvalg.[5][1]

I 1978 blei Bølviken tildelt Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Ho døydde i 2011.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Holmøy, Vera (17. september 2011). «Lilly Bølviken (nekrolog)». Aftenposten. 
  2. «Lilly Bølviken», Norsk Kvinnesaksforening
  3. Bergens Tidende. 11. mai 1954. s. 3. 
  4. NOU 1986: 2 Innstilling til ny ekteskapslov del I
  5. «Møt kvinnene som endret Norge», Verdens Gang, 7. mars 2016