Lilly Bergmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilly Bergmann
Fødd20. januar 1883
FødestadChristiania
Død18. juli 1969 (86 år)
DødsstadAsker
FødenamnLilly Catharina Thomsen
Verka somskodespelar
EktefelleKarl Bergmann

Lilly Catharine Bergmann (20. januar 188318. juli 1969) var ein norsk skodespelar.

Lilly Bergmann var fødd i Kristiania som Lilly Catharina Thomsen, dotter av grosseraren Hans Brynildsen Thomsen og Maria Theresia Jensen. I 1906 gifta ho seg med skodespelaren, regissøren og teatersjefen Karl Bergmann (1882-1964). Ekteskapet blei oppløyst.

Lilly Bergmann debuterte 19. oktober 1909 på Den Nationale Scene i Bergen som Lady Chiltern i Den ideale Ægtemand av Oscar Wilde. Ho fekk sin såkalla andre debut i 1910 som Bolette i Ibsens Fruen fra havet, og om innsatsen hennar i rolla blei det mellom anna sagt at «Hun har en sikker og naturlig, litt tør, replik og hendes spil virket kultiveret».[1]

Lilly Bergmann var tilsett ved Den Nationale Scene i perioden 1910-1921. I 1921 flytta ho til Stavanger Teater etter at ektemannen var blitt teatersjef der.

Ho døydde i Asker i 1969.

Rollar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Lady Chiltern i Den ideale Ægtemand av Oscar Wilde (Den Nationale Scene, 1909)
  • Bolette i Ibsens Fruen fra havet (Den Nationale Scene, 1910)
  • Kirsten Ramm i Kampen av Karl Bergmann (Den Nationale Scene, 1911)
  • Dronning Dorothea i Kong Christiern og Dyveke av Astrid Bonge Petersen (Den Nationale Scene, 1912)
  • Rosalie i Fata Morgana av Ernst Vajda (Den Nationale Scene, 1916)
  • Ida Frandsen i Tyrannens Fald av Svend Rindom (Stavanger Teater, 1921)[2]
  • Fyrstinden av Odolien i operetten Prinsesse Olala av Bernauer, Schanzer & Gilbert (Stavanger Teater, 1923)[3]
  • Lady Elisabeth Pennybroke i Ungkarlens datter av H. V. Esmond (Stavanger Teater, 1924)[4]
  • Ane i Geografi og Kærlighed av Bjørnstjerne Bjørnson (Den Nationale Scene, 1926)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aarseth, Asbjørn (1969). Nationale scene, 1901-31. Gyldendal. s. 233. 
  2. Bergens tidende 1921.10.28. Norge, Hordaland, Bergen. 1921. s. 4. 
  3. 1ste Mai 1923.05.03. Norge, Rogaland, Stavanger. 1923. 
  4. 1ste Mai 1924.02.05. Norge, Rogaland, Stavanger. 1924. s. 2.