Lily, Rosemary and the Jack of Hearts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lily, Rosemary and the Jack of Hearts
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 30. desember 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 8:51
Selskap Columbia
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«Lily, Rosemary and the Jack of Hearts» er ein song av Bob Dylan frå studioalbumet Blood on the Tracks frå 1975. Songen er kjend for eit innvikla plott som strekkjer seg over åtte minuttar. Det er ein av fem songar på Blood on the Tracks som Dylan opphavleg spelte inn i New York City i september 1974 og så spelte inn på ny i Minneapolis i desember det året.

New York-innspelingane av «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts» kom ut på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks i 2018, og det andre opptaket kom òg ut på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av albumet.[1] Luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14 inneheld òg ein ny miks av albumutgåva.[1]

Handling og personar[endre | endre wikiteksten]

Songen er sett til eit klassisk western-miljø, og krinsar om fire personar: Jack of Hearts (hjarterknekt), Big Jim, Lily og Rosemary. I visa kjem det fram at Big Jim, den rikaste kaksen i byen, blir drepen av einkvan, truleg Jack. Men det er Rosemary som blir hengd for drapet. Rosemary er truleg mor til Lily, som no er gift med Jim. Jim blir drepen av ein kniv, sjølv om ein høyrer det klikkar i ein revolver. Medan dette skjer, er dommaren i byen skjenkt full og er ute av stand til å gripe inn. Han står likevel ved henginga av Rosemary dagen etter («Domaren var edru, han hadde ingen trong»).

Jack of Hearts er innblanda i eit ran, der venene hans borrar seg inn i ein kjellar for å hente gull, samstundes som leiaren «måtte gjera ein ting til» inne i byen (drapet på Big Jim).

Tema[endre | endre wikiteksten]

Dylan sjølv har tagd i alle år om kva denne visa i røynda handlar om. Det finst nokre leiemotiv, mellom anna kortspel (hjarterknekten). Både Lily og Rosemary spelar kort i opninga av visa, når Jack kjem inn i rommet. Bakgrunnen er, typisk for Dylan, ein marknad med tivoli, karusellar og klovnar. Jack of Hearts sjølv ser ut som han er med i ein forestilling midtveges, og i alle fall Rosemary er lei av å spela «rolla som» kona til Big Jim.

Det er blitt skrivne to filmmanus basert på songen, eit av John Kaye tinga av Dylan, og eit anna skriven av James Byron.[2] Ingen av dei er blitt til ein film.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Joan Baez framførte «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts» på konsertalbumet sitt From Every Stage i 1976. Denne inneheld eit ekstra vers som ikkje er på Dylan-utgåva
  • I 2002 spelte Mary Lee's Corvette «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts» på ein konsert der dei framførte heile Blood on the Tracks.
  • Den USA-amerikanske visesongaren Tom Russell spelte inn ein versjon av songen med Eliza Gilkyson og Joe Ely i 2004 på albumet Indians Cowboys Horses and Dogs.

Norsk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Songen er omsett til norsk av Tom Roger Aadland på plata Blod i spora. Her er tittelen «Lilly, Rosemary og hjarterknekt» Aadland har lagt handlinga til eit «norskare» miljø, der Big Jim er blitt til «stor-Jo». Utover dette er handlinga lik (men ein skjønar dette går føre seg på 1800-talet). Norske sitat er henta frå Aadlands omsetjing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]