Lily of the West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Lily of the West» er ei tradisjonell irsk folkevise, mest kjend i dag som ei amerikansk folkevise.[1][2] Den amerikanske versjonen handlar om ein mann som reiser til Louisville og forelskar seg i kvinna Mary, Flora eller Molly, som er Lily of the West (Vestens lilje).[3] Han tek Mary i å vere utru mot han og i raseri knivstikk han mannen ho er med, og vert så fengsla.[4] Trass i dette elskar han henne framleis. I den originale versjonen vitnar ho til forsvaret hans og han vert sleppt fri, men dei held ikkje fram forholdet.

Songen er blitt spelt inn av The Chieftains med vokal av Mark Knopfler og i ein annan versjon med vokal av Rosanne Cash. Joan Baez spelte inn songen i 1961 på det andre albumet hennar. Bob Dylan[5], Bert Jansch, Josh Andrews, The Flash Girls, Caroline Groussain, Sheri Kling, Show of Hands, Peter, Paul and Mary (som «Flora»), Crooked Still, Dirty Linen, Branimir Štulić (på kroatisk kalla «Usne vrele višnje»[6]) og Pat Gubler har alle spelt songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Broadside ballad entitled 'Flora the Lily of the West'». digital.nls.uk (på engelsk). Henta 15. november 2018. 
  2. «Lily of the West». The Library of Congress (på engelsk). Henta 15. november 2018. 
  3. «Lily of the West - Song Information» (på engelsk). Henta 15. november 2018. 
  4. «Wolf Folklore Collection: Lily of the West». web.lyon.edu. Henta 15. november 2018. 
  5. «Lily Of The West | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 15. november 2018. 
  6. «Usne vrele višnje». Azra. Henta 4. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]