Limagarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Limagarden
Foto: Målfrid Grimstvedt, Jærmuseet

Limagarden er eit bygdemuseum i Gjesdal kommune i Rogaland, like utanfor tettstaden Ålgård. Sidan 2004 har det vore drifta av Jærmuseet.

Garden var i bruk til opp mot 1980. Den siste bebuaren døydde i 1985, og hadde testamentert garden til kommunen under føresetnad om at han skulle bli bygdemuseum. Gjesdal Bondelag og Gjesdal bondekvinnelag stod sentralt i arbeidet med å omskapa garden frå privatbustad til museum. Innbuet er teke vare på. Kommunen selde noko av areala til bustadfelt og brukte inntektene til å setta i stand bygningane. Eit eige fond har langt på veg finansiert vernevøling. I 1989 blei gjenstandssamlinga frå Gjesdal bygdemuseum flytta til Limagarden.

Limagarden har eit årleg besøk på omkring 3000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjå Jæren 2010, årbok for Jærmuseet (Jærmuseet, Nærbø 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Limagarden si heimeside