Limentra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Limentra er namnet på to elvar i Italia som har utspring ved Bologna og Pistoia i Appenninane, og begge er sideelvar til Reno. På grunn av relativt stor vassføring vert begge nytta til produksjon av vasskraft.

Limentra di Sambuca har sitt utspring i Monte la Croce (1 319 moh) og renn gjennom Sambuca Pistoiese. Ho har ei lengd på 19,4 km og munnar ut i Reno nær Ponte della Venturina, nær grensa mellom Toscana og Emilia-Romagna. Nær Pàvana er elva demma opp og reservoaret tar 900 000 m³.

Limentra Orientale har sitt utspring i same fjellet og renn inn i provinsen Bologna nær Lentula. Nær Suviana er det bygd ei demning som har danna eit av dei største reservoara i Appenninane med ein kapasitet på 43 850 000 m³. Ho munnar ut i Reno etter 41 km, nær Riola di Vergato.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]