Limequat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Limequat

Limequat.jpg

Vitskapleg namn
Citrus × floridana
(J. Ingram & H. Moore) Mabb.
Utbreiing
Utbreiing: Opphavleg Florida, no dyrka i varme område over heile verda
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
C. × Fortunella

Limequat er ei sitrusfrukt danna som ei kryssing mellom lime og kumquat. Planten er meir hardfør enn lime, men mindre hardfør enn kumquat.

Den første kjende kryssinga som gav limequat blei gjort av den amerikanske botanikaren Walter Tennyson Swingle i Florida rundt 1909, og den nye hybriden blei først skildra og namngjeven i 1913. Det finst fleire kultivarar av limequat, danna gjennom ulike kryssingar. Kultivarane Eustis, Lakeland og Tavares har alle namn etter stader i Florida.

Limequatfrukta kan etast med skal, eller kan brukast til å laga marmelade. Fruktjusen kan brukast til å smaksetta mat og drikke. Limequat kan elles brukast på same måte som lime eller sitron.

Frukta blir ikkje produsert i stor skala for sal, men blir dyrka i private hagar og mindre frukthagar. Treet blir også brukt som prydplante. Limequat blir no dyrka i land som Armenia, Japan, Israel, Malaysia, Spania, Storbritannia, Sør-Afrika og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]