Limingen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Limingen | |||
Lyjmede | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommunar | Lierne, Røyrvik | ||
Høgd over havet | 418 moh. | ||
Areal | 93,50 km² | ||
Middeldjupn | 87 m | ||
Største djupn | 192 m | ||
Kystlengd1 | 107,80 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Limingen | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Limingen (samisk Lyjmede) er ein innsjø i kommunane Røyrvik og Lierne i Trøndelag fylke. Sjøen ligg 418 moh. og har eit areal på 93 km². På det djupaste er han 192 m djup, i gjennomsnitt 87 m.
Innsjøen har ein bestand av røye og aure. Frå 1970-talet finn ein òg ørekyte.
Innsjøen er regulert. Røyrvikelva i nordenden kjem frå Vektaren og er stort sett oppdemd. Vatnet vert i staden ført gjennom tunnel til Røyrvikfoss kraftverk i tettstaden Røyrvik. I sørenden, ved grenda Limingen i Lierne, vert vatnet ført ut i tunnel til Tunnsjøen via Tunnsjø Kraftverk, samt til Linvasselv Kraftverk på svensk side. Det er opptil 10 meter variasjon i vasstanden.
