Limits av Pænda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Limits»
Song av Pænda
Land Austerrike
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2019
Sjanger Elektropop
Lengd 03:24
Selskap Wohnzimmer
Komponist Pænda
Tekstforfattar Pænda
Låtskrivar(ar) Gabriella Horn
Pænda framfører «Limits» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Limits» ('grenser') er ein popsong frå 2019 som er komponert og vert framført av den austerrikske musikaren Pænda. Songen var det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Limits» er skriven av låtskrivaren og musikkprodusenten Gabriella Horn, betre kjent under artistnamnet Pænda. Songen er ein av låtane på albumet Evolution II som vart gjeve ut 26. april 2019.[1] På førespurnad frå kringskastaren ORF sende ho hausten 2018 inn «Limits» til vurdering for Eurovision Song Contest, og ORF valde songen som det austerrikske bidraget i tevlinga.[2]

«Limits» er ein popballade som fortel om korleis Horn i sin iver og lidenskap for musikk pressa seg forbi alle grensene sine, heilt til grensa for fullstendig utmatting. Songen fortel om sårbarheita hennar og erkjenninga om at ho må ta ein pause og ikkje presse alle grensene.[3]

I januar 2019 vart Austerrike trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Austerrike hadde startnummer 9.[4] «Limits» enda på 17. plass i semifinalen og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]