Hopp til innhald

Limpopo-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limpopo-elva
elv
Land  Botswana,  Mosambik  Sør-Afrika,  Zimbabwe
Kart
Limpopo-elva
24°11′28″S 26°52′14″E / 24.1912°S 26.8706°E / -24.1912; 26.8706
Wikimedia Commons: Limpopo River

Limpopo (også Oori eller Bempe) er ei elv i sørlege Afrika ved Steinbukken sin vendekrins. Ho er den nest største av dei afrikanske elvane som renn ut i Indiahavet, etter Zambezi. Ved munningen blir elva òg kalla Inhambura. Elva er rundt 160 mil lang,[1] og har eit nedslagsfelt på rundt 500 000 km².[2]

Limpopo har kjelda sine i området ved Johannesburg i Sør-Afrika med mange kjeldeelver frå Witwatersrand- og Magaliesfjella. Fleire bielvar sluttar seg til henne frå Transvaal, mellom anna Shashi frå venstre og Magalaquen og Nylstrøm frå høgre. Elva følgjer grensa til Sør-Afrika mot Botswana og Zimbabwe i aust. I det nordaustlege hjørnet av Transvaal fell gjennom Toli Asiméfossen, og bøyer seg deretter av mot søraust og tek imot ei anna stor bielv, Olifant.

Deler av grensa mellom Botswana og Zimbabwe på den nordlege sida og Sør-Afrika på den sørlege sida blir danna av elva.[2]

Limpopo renn så austover gjennom Mosambik og ut i Indiahavet utan delta, nær Delagoavika. Dei øvre delane av elva er ufarbare på grunn av mange fossar og stryk.[2]

  1. «Limpopo» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 10 augusti 2017.
  2. 1 2 3 Atkins, Carla: African Lakes and Rivers «Limpopo», AuthorHouse, 2010, s. 29. ISBN 9781438957326.