Lindås kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 60°44′13″N 5°9′32″E

Lindås kyrkje
kyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg 
Fylke Hordaland
Kommune Lindås
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Lindås
Fellesråd Lindås
Type Langkyrkje
Periode Gotisk stil
Arkitekt Ole Syslak
Material Tre
Innvigd 20.9.1865
 - Endringar Bygd om i 1969, kyrkjepark frå 2002
Kyrkjegard Kyrkjegard ved kyrkja, samt ein hjelpekyrkjegard
Preikestol Preikestol frå 1865
Døypefont Døypefont i kleberstein, truleg frå 1100-1200-talet
Altartavle Måleri av krossnedtakinga med teksta «han vart gjeven for våre brot»
Sitjeplassar 370 sitjeplassar
Diverse Katekismetavle frå 1613, marmortavler med motiv av kjende personar frå kyrkjehistoria

Lindås kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart vigsla 20. september 1865. Kyrkja ligg i Lindås i Lindås kommune og vart bygd like vest for der den gamle steinkyrkja stod. Arkitekt var Ole Syslak som og stod for bygginga av andre kyrkjer i Hordaland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første gongen ei kyrkje på Lindås vart nemnd var i 1315. Dette var eit steinalter som stod under open himmel. Veggar vart reist seinare, slik at presten stod under tak, medan tilhøyrarane stod på bakken utanfor og høyrde på. Seinare vart det og reist veggar så kyrkjelyden og kom under tak. Denne kyrkja vart bygd på rundt 1600-talet og reparert ved 1700-talet. Ved bygginga av den noverande kyrkja vart gamlekyrkja riven.

Noverande kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kyrkja er ei langkyrkje i tømmer og er bygd like vest for der gamlekyrkja stod. Etter vel hundre år i drift vart kyrkja bygd om i 1969. Kyrkja fekk no nytt våpenhus oppført og dåpsventerom og sakristi vart flytta frå austenda av koret til eigne tilbygg på venstre og høgre side av kyrkja.

Kyrkja fekk sitt første kyrkjeorgel i 1906. Dette vart erstatta i 1978 med eit orgel bygd av J.H. Jørgensen og har 21 stemmer fordelt på 2 manualar i tillegg til pedal. Orgelet vart etterintonert i 1978.

Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eldste klokka vart laga av Laxevaag Værk, Bergen året 1865, medan den andre klokka vart laga av klokkestøyparen O. Olsen & Søn i Tønsberg i 1955.

Prestar i Lindås[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]