Linda Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linda Martin

Fødd27. mars 1952 (72 år)
FødestadOmagh
OpphavStorbritannia, Irland
Aktiv1969–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapPolydor Records, Columbia Records
Verka somsongar, programleiar

Linda Martin (fødd 27. mars 1952)[1] er ein nordirsk songar og TV-programleiar. Martin er best kjend i Europa for å ha vunne Eurovision Song Contest 1992 for heimlandet med songen «Why Me?» og i Irland som medlem av bandet Chips på slutten av 1970- og byrjinga av 1980-åra.

Gjennom det meste av karrieren sin har Martin vore kjend for det flammande raude håret sitt, sjølv om den naturlege hårfarga hennar er blond.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Chips[endre | endre wikiteksten]

Martin vart fødd i Omagh i Tyrone i Nord-Irland og byrja med musikk då ho vart med i bandet Chips i Belfast i 1969. Ho var med i gruppa fram til byrjinga av 1980-åra og gav ut fleire hitsinglar i Irland. I 1983 vann Martin Castlebar Song Contest, ein nasjonal songtevling i Irland, med songen «Edge of the Universe». Frå då av fokuserte Martin på solokarrieren sin, og Chips vart nøydd til å erstatta henne med ein annan kvinneleg vokalist (Valerie Roe) på slutten av tiåret.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Martin deltok i den irske nasjonale finalen fire gongar som medlem av bandet Chips, men gruppa hadde ingen suksess. Ho deltok fire gonger til i tevlinga som soloartist og ein gong som del av gruppa Linda Martin and Friends. Som deltakar ni gonger, er Martin den som har delteke i den nasjonale finalen flest gonger. Martin vann den nasjonale finalen to gonger, og har dimed representert Irland internasjonalt ved to høve. Fyrste gongen var i 1984 då ho song «Terminal 3», skriven av Johnny Logan. Songen vart nummer to i den internasjonale finalen, slått med åtte poeng av den svenske gruppa Herreys som song «Diggi-loo diggi-ley». «Terminal 3» nådde ein sjuandeplass på dei irske hitlistene. Hennar andre siger var i 1992, då ho song «Why me?» (som òg var skriven av Logan) og vann den internasjonale finalen i Sverige. Dette var den fjerde sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og songen nådde fyrsteplass på dei irske listene, i tillegg til å verta ein hit i mange europeiske land.

Martin er ein av fem artistar som har både vunne og kome på andreplass i Eurovision Song Contest. Ho var òg kommentator for irsk TV i Eurovision Song Contest 1985, sju år før ho sjølv vann.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Martin har vore programleiar for spørjeprogrammet The Lyrics Board på RTÉ, eit av dei meste populære programma til kanalen. Ho var dessutan ein del av bak kulissane-teamet til Louis Walsh i den fyrste sesongen av den britiske X Factor.

Martin deltok òg som dommar i den fyrste, andre og fjerde sesongen av You're A Star og på Charity You're A Star sommaren 2005 og sommaren 2006. Ho fekk ikkje vera med i 2007-sesongen, men ho har hevda at ho er open for å deltake i programmet igjen. Martin har ikkje stengt ute å deltake i Eurovision Song Contest igjen, sidan Irland enda på ein skuffande sisteplass i 2007 med berre fem poeng.

Martin las opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest 2007.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar (med Chips)

  • 1974 – «King Kong (As Lily & Chips)»
  • 1974 – «Love for an Angel»
  • 1975 – «Love Matters»
  • 1975 – «Twice A Week»
  • 1977 – «Goodbye Goodbye»
  • 1981 – «New Romance (It's A Mystery)»
  • 1982 – «David's Song»
  • 1982 – «Hi-Lowe»

Singlar (solo)

  • 1983 – «Edge of the Universe»
  • 1984 – «Terminal 3»
  • 1984 – «Body Works»
  • 1988 – «Hiding From Love»
  • 1989 – «Impossible To Do»
  • 1990 – «Where The Boys Are»
  • 1991 – «Did You Ever»
  • 1992 – «Why Me?»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Winners of the 1990s - What happened to them? - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 16. mars 2018.