Linda McCartney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda McCartney
Linda McCartney 1976.jpg
Fødd24. september 1941(1941-09-24)
FødestadNew York City i New York i USA
Død17. april 1998 (56 år)
DødsstadTucson i Arizona i USA
FødenamnLinda Louise Eastman
OpphavUSA
Aktiv1965–98
SjangerPoprock
Instrument
  • Klaverinstrument
  • vokal
Tilknytte artistar
Verka som
  • Aktivist
  • fotograf
  • musikar
  • entrepenør
FarLee Eastman
Gift medPaul McCartney
BornStella McCartney, Heather McCartney, Mary McCartney, James McCartney

Linda Louise McCartney, Lady McCartney (fødd 24. september 1941 som Eastman, daud 17. april 1998) var ein amerikansk musikar, fotograf, og dyrevernsaktivist. Ho var gift med Paul McCartney frå The Beatles. McCartney var profesjoell fotograf og tok mange bilete av kjendisar og musikarar. Bileta henna vart publiserte i boka Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era i 1992.[1]

Linda gifta seg med McCartney i 1969 i Marylebone festekontor i London og vart sidan velsigna i St John's Wood Church.[2][3] Dottera hennar, Heather Louise, frå det første ekteskapet med Melville See, vart adoptert av Paul McCartney. I lag hadde McCartney-paret tre andre barn, mellom desse moteskaparen Stella McCartney.

Etter The Beatles vart oppløyst i 1970, skipa Paul og Linda bandet Wings i 1971. Ho fortsette å turnere med bandet til ektemannen etter Wings vart oppløyst i 1981 og fram til The New World Tour i 1993.

McCartney var oppteken av dyrerettar og publiserte fleire vegetariske kokebøker. Ho skipa òg vegetarmatføretaket Linda McCartney Foods med ektemannen.

I 1995 fekk ho diagnosen brystkreft og døydde av sjukdommen i 1998, 56 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Wings[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Paul McCartney and Wings.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Solosinglar[endre | endre wikiteksten]

År Song UK US Hot 100 Album
1998 «Wide Prairie»
74
Wide Prairie
1999 «The Light Comes from Within»
56

Paul og Linda McCartney[endre | endre wikiteksten]

Studioarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McCartney, Linda. Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era. Bullfinch Press. 1992.
  2. «Paul McCartney and Linda Eastman Marriage Profile». Marriage.about.com. Henta 19. mai 2018. 
  3. «12. mars 1969: Paul McCartney marries Linda Eastman». The Beatles Bible. Henta 19. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Linda McCartney
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linda McCartney