Linda Medalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linda Medalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1965 (58 år)
Sandnes kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Linda Medalen (fødd 17. juni 1965) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Sandnes. Ho vart europameister 1993 og verdsmeister 1995 med Noreg. I tillegg vann ho sølv i EM 1989, EM 1991 og VM 1991 og OL-bronse i 1996. Medalen deltok i 152 landskampar i tida 1987-99 og skåra 64 mål for Noreg. Med fotballaget Asker vann ho fire seriemeisterskap og to noregsmeisterskap. I Japan sikra ho seg med Nikko ein seriemeistertittel og to triumfar i japanske cupmeisterskap.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Medalen byrja spele fotball med IL Brodd i Stavanger. Frå 1981 til -86 var ho ein sentral spelar på for byrivalen Viking FK. Der etter flytta ho til hovudstaden og melde seg inn i Asker SK, eit av topplaga i landet. I sin andre sesong med Asker var ho med å vinne seriemeisterskapen som toppskårar i serien. Tre år seinare vart Medalen i 1991 seriemeister med Asker for andre gong, med 29 nettkjenningar atter toppskårar i serien. Asker og Medalen avslutta 1991-sesongen med å vinne cupfinalen mot Sandviken med heile 8–0, Medalen skåra to av måla.

I mai 1992 reiste Medalen og Gunn Nyborg til Japan og proffspel for fotballaget Nikko. Dei neste seks sesongane var ho aktiv i japansk klubbfotball. Utanom den japanske sesongen spelte ho enkelte kampar i norsk seriefotball, både med Klepp IL og Asker SK. I sin fyrste sesong i Japan fekk Medalen som einaste europear plass på «Årets lag». 1993-sesongen vann Nikko den japanske serien med Medalen som skyttardronning, dessutan kåra til «Årets spelar».

Frå 1998 var Medalen Asker-spelar til ho la opp etter 2003-sesongen. Både i 1998 og 1999 var ho med på å vinne toppserien. Hausten 2000 vart ho noregsmeister då Asker vann 4-1 over Bjørnar i NM-finalen på Ullevaal stadion i Oslo. Også i 2001 tok Asker seg til NM-finale. I kampen mot Trondheims-Ørn kom Medalen i pausen i klammeri med Ørn-spelaren Gøril Kringen og vart utvist. Asker tapte finalen 2-3.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Medalen skåra det einaste målet då Noreg i juni 1988 sigra 1-0 over Sverige i den uoffisielle verdsmeisterskapen i Kina. Året etter var ho med å tape EM-finalen mot Vest-Tyskland, og i 1991 EM-finalen mot Tyskland. Ho var spiss i EM 1989, men i EM 1991 valde landslagssjefen Even Pellerud å bruke henne som midtstoppar. Under VM 1991 i Kina fire månader seinare var Medalen atter angrepsspelar. Ho skåra då Noregs mål i finalen mot USA, ein kamp som enda med tap 1-2 etter ein norsk gåvepakke mot slutten av finalen.

I 1993 vann Medalen i EM-gull med Noreg i Italia. Høgdepunktet for Medalen kom i 1995 då Noreg slo Tyskland 2-0 i finalen under verdsmeisterskapen i Sverige. Sommaren 1996 fekk Medalen bronse i dei olympiske leikane i Atlanta. Ho skåra då i alle gruppespel-kampane og Noregs einaste mål i semifinalen mot USA, ein kamp USA vann etter eit seint straffespark og på golden goal. Med fire mål var ho ein av tre toppskårarar i OL-turneringa.

Under Fotball-VM 1999 spelte Medalen midtstoppar, ho var òg lagkaptein. Året før hadde landslagssjefen Per-Mathias Høgmo flytta henne til midtstopparplass. Medalen spelte sin siste landskamp i bronsefinalen mot Brasil, ein kamp som enda med norsk tap. Gjennom 152 landskampar med flagget på brystet stod ho for 64 nettkjenningar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1995 med Noreg
  • Europameister: 1993 med Noreg
  • EM-sølv: 1989 og 1991 med Noreg
  • VM-sølv: 1991 med Noreg
  • OL-bronse: 1996 med Noreg
  • Seriemeister: 1988, 1991, 1998, 1999 med Asker SK
  • Noregsmeister: 1991 og 2000 med Asker SK
  • Japansk seriemeister: 1993 med Nikko

Kjelder[endre | endre wikiteksten]